Namn: Ragna Sofie Stave Alder: 24 år Sivilstand: sambuar Yrke: nyutdanna jurist Bustad: Askøy, men er opprinneleg frå Stadlandet

– Kva er du mest oppteken av? – Akkurat no er eg mest oppteken av å søkje jobb som jurist, samtidig som eg jobbar som assistent på ein sjukeheim på Askøy. Elles er eg oppteken av å fikse og ordne i leiligheita vår.– Kva gjer du på fritida? – På fritida prøvar eg å prioritere tid med vener og familie. Elles likar eg å strikke, bake, og å vere aktiv på treningssenteret og ute i naturen. – Kven beundrar du? – Eg beundrar alle dei menneska i verda som har så lite, men som framleis ser lyst på livet og har eit godt humør tross alt. – Kva er det beste med heimstaden din? – Det er familie og vener som bur der, og ikkje minst den fine naturen. Det er alltid godt å kome heim igjen! – Kva hadde stått på di framside av Fjordenes Tidende? – Stor straum av tilflyttarar skapar mange nye arbeidsplassar på Stadlandet. – Kva ville du ha gjort om du var ordførar for ein dag? – Trur ikkje eg hadde hatt mykje å stille opp med der altså. Det måtte i såfall vore å gitt ordføraren ein velfortent fridag. – Kva kulturoppleving hugsar du best? – Det må vere Malakoff 2014. Det var nydeleg veir heile helga og god stemning!– Kva har du på nattbordet? – Vekkerklokke, eit glas vatn, lampe og ein haug med bøker som eg aldri får lese. – Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag? – Facebook, diverse bloggar og VG.–  Kva er meininga med livet? – Å gjere det som gjer ein glad og lykkeleg.