Namn: Leni Marie Lisæter

Alder: 40+

Sivilstand: odelsjente med 3 born

Yrke: seksjonssjef akvakulturtilsyn og kystsoneplanlegging og jobbar på fiskeridirektoratet region Vest sitt regionkontor i Måløy

– Kva er du mest oppteken av?

– Eg er mest oppteken av at borna mine har det bra. Deretter er jobben min ein livsstil. Sjømatnæringa er eit spennande segment. Viktig for Norge og viktig for Vestlandet.

– Kva gjer du på fritida?

– På fritida er det fotografering og fjellturar eg er mest oppteken av. Held for tida på med merking av løyper for å få folk til å gå meir i fjellet. Er også til tider litt avhengig av HBO og Netflix, då blir det ofte seriebonanza.

– Kven beundrar du?

– Globalt må det bli Barack og Michelle Obama. To rause og gode menneske som har eit reflektert synt på livet og er gode diplomatar for økt forståelse og toleranse mennesker imellom. Lokalt blir det Svein Inge Fosse, han har eit pågangsmot og ei gjennomføringsevne som er unik.

– Kva er det beste med heimstaden din?

– Kalvåg er eit lite og trygt samfunn der alle kjenner alle. Fin natur, og dugnadsånd.

– Kva står på di førsteside av Fjordenes Tidende?

– Vi treng fleire arbeidsplassar for kvinner med høgare utdanning så det burde stått: 100 statlege arbeidsplassar vert flytta til Bremanger.

– Kva hadde du gjort om du var ordførar for ein dag?

– Om eg var ordførar for ein dag ville eg hatt ein durabeleg fest for heile kommunen og vist fram alt det rike kulturlivet vi har. Om eg har voldsomt med makt denne dagen ville eg ha lagt 2-felts veg frå Kalvåg til Florø. Eg trur vi i ytre har tapt litt på at kommunikasjon til Florø blir stadig dårlegare. Og så til slutt  ville eg bygd bru frå Tongane til Måløy. Skal vi bu i Bremanger må vegane bli radikalt betre til sentera. Eg pendlar Kalvåg-Måløy kvar dag og vegen er grusom.

– Kva kulturoppleving hugsar du best?

–  Den kulturopplevinga eg hugsar best er forbundet kysten sitt stemne i Kalvåg i 2005. Sjeldant mykje folk i Kalvåg. Elles blir det nok altfor lite kultur på meg. Det har vore mest barnevennlig kultur.

– Kva har du på nattbordet?

–  Havboka av Morten Størksen. Ei fascinerande bok om to nordmenn som jaktar håkjerring i Vestfjorden. Elles er Ipaden og brille også fast inventar på nattbordet.

– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag?

– Facebook, vg, fjt, nettfisken, firdaposten, ilaks, retriever, fiskeribladet fiskaren, instagram

– Kva er meininga med livet?

– Tja, det kan no vere eit spørsmål til refleksjon utover reproduksjon. Viktig å ha det bra med seg sjølv og vere snill med andre. Kongen nevnte også dette i nyttårstalen med at ein heile tida strevar etter det perfekte og blir utslitne på vegen. Og så skulle eg ynskje mange kunne stoppe opp og vere litt meir takknemlege over kor godt vi har det i Norge, vi sutrar for mykje. Eg avsluttar med eit sitat frå Kennedy som seier mykje "Ask not what the country can do for you, but ask what you can do for the country.”