Namn: Inger Oline Eikrem

Alder: 34 år

Sivilstand: sambuar, tre born

Yrke: studerar barnehagelærarutdanning

Bustad: Syvde

– Kva er du mest oppteken av? – Akkurat no medan borna er små, er eg oppteken av å gi dei ein god start på livet, for å utruste dei best mogleg for vaksenlivet.

– Kva gjer du på fritida? – Fritida brukar eg på familie og vener, heimen, strikking, skulearbeid og ein gåtur når det er tid til overs.

– Kven beundrar du? – Eg beundrar alle som slit og kavar, men aldri gir opp.

– Kva er det beste med heimstaden din? – Det beste med heimstaden min er at ein kan nyte fantastisk natur og ro rett utanfor husdøra.

– Kva står på di førsteside av Fjordenes Tidende? – Bob Dylan kjem til Sunnmøre.

– Kva ville du ha gjort om du var ordførar for ein dag? – Då hadde eg besøkt eldre på sjukeheimar og eldrebustadar for å høyre kva dei saknar i kvardagen, og sjølvsagt fylgt opp saka.

– Kva kulturoppleving hugsar du best?– Grand place i Brussel by night var fantastisk flott.

– Kva har du på nattbordet?– Vekkerklokke.

– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag?– Facebook og eventuelt instagram og Hivolda.no.

– Kva er meininga med livet?–  Det finst nok mange ulike meiningar om det, men om ein prøvar å jobbe for å leve i fred og harmoni med andre rundt seg, naturen og ikkje minst seg sjølv, er gode medmenneske og fører vidare gode verdiar og levemåtar, trur eg ein vil oppleve at livet er meiningsfullt og godt. Det ein gir får ein i retur - enkelt og greitt.