Namn: Atle RiksfjordAlder: 36 årSivilstand: Pappa til Nora 5 årYrke: Tømrar og dagleg leiar i Riksbygg ASBustad: Selje– Kva er du mest oppteken av? – På det lokale plan er det vekst i nærområda. Vi treng fleire arbeidsplassar og nye etableringar. Aktivitet skaper aktivitet. – Kva gjer du på fritida? – Prioriterar kvalitetstid med dottera mi og besøke familie så ofte eg får anledning. Blir også nokre raid med tv-seriar inn i mellom. – Kven beundrar du? – Mor, som er verdas mest tolmodige, og mormor som er verdas sprekaste 17-barnsmor!

– Kva er det beste med heimstaden din?– Fjord og fjell, og alle menneska her. På ein finevêrsdag er Selje den absolutt finaste plassen på jord. – Kva hadde stått på di framside av Fjordenes Tidende? – Vågsøy, Selje, Eid, Stryn og Vanylven enige om Nordfjord kommune. – Kva ville du ha gjort om du var ordførar for ein dag? – Gått i nya samtaler med Vågsøy angåande kommunesamanslåing. Ei ny storkommune i Nordfjord bør ikkje ha under 30.000 innbyggjarar.

– Kva kulturoppleving hugsar du best? – Ganske mange eg hugsar dårleg, så må bli blant anna Honningbarna på Malakoff.– Kva har du på nattbordet? – Sudoku, telefon og vatn. – Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag? – Aftenposten, NRK, VG live, fjt.no samt fjesboka. – Kva er meininga med livet? – Har du ein draum? Følg den! Livet blir kva du gjer det til.