Namn: Torstein Drage Sørdal

Alder: 23 år

Sivilstand: Singel

Yrke: Kadett i Bourbon Offshore Norway

Bustad: Heime med mor i Syvde

– Kva er du mest oppteken av?

– For meg er det viktig at vi jobbar for å behalde dei norske arbeidsplassane til sjøs.

– Kva gjer du på fritida?

– Når eg er heime frå sjøen, så brukar eg mykje av fritida mi på bil. Når eg ikkje held på med bil, så er eg ute saman med vener.

– Kven beundrar du?

– Eg har ingen som eg "beundrar",  men eg har stor respekt for besteforeldra mine.

– Kva er det beste med heimstaden din?

– Det som gjer at Syvde er den beste bygda, må vere det gode miljøet og dei flotte fjella.

– Kva hadde stått på di framside av Fjordenes Tidende?

– FØRSTE SKIP GJENNOM STAD SKIPSTUNNEL!

– Kva ville du ha gjort om du var ordførar for ein dag?

– Starta bygging av Rovdefjordbrua med ein gang. Punktum.

– Kva kulturoppleving hugsar du best?

– Den beste kulturopplevinga som eg har i minne, må vere Gatebil på Rudskogen.– Kva har du på nattbordet?

– På nattbordet mitt, så har eg følgande: Lampe, mobil, nasefløyte, TV-kontroll og lommelykt.

– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag?

– I løpet av ein dag er eg innom VG, smp, fjt, Petro og finn.no.

– Kva er meininga med livet?

– Meininga med livet er å kose seg så mykje som råd.