Namn: Oddgeir Sande

Alder: 53 år

Sivilstand: gift

Yrke: dagleg leiar Aktiv Jobb Bremanger kommune

Bustad: Svelgen

– Kva er du mest oppteken av?

–  Er oppteken av familien min, vener og arbeidet mitt. At dei rundt meg har det best mogleg er viktig. Har dei det bra, så har eg det bra.

– Kva gjer du på fritida?

– Har ein god ven i Måløy som eg har hatt mange fjellturar med, så turar i fjellet er hobby nummer ein! Elles så er eg også med i revylaget Svelgen Nord og Med. Det er artig. I Svelgen er det mange organisasjonar ein kan delta i.

– Kven beundrar du?

– Eg beundrar kona mi, dei to døtrene mine og elles dei som er med på å gjere livet triveleg å leve.

– Kva er det beste med heimstaden din?

– Her er lite butikkar og mykje flott natur.

– Kva hadde stått på di framside av Fjordenes Tidende?

– På mi framside av Fjordenes Tidende skulle det stått at ein mann på 53 år frå Svelgen vann tidenes største lottogevinst.

– Kva ville du ha gjort om du var ordførar for ein dag?

– Om eg var ordførar for ein dag hadde eg teke avspasering den dagen.

– Kva kulturoppleving hugsar du best?

– Eg synest Tall Ships Races var storslått då det var i Måløy.

– Kva har du på nattbordet?

– På nattbordet mitt har eg ei lampe, eit nettbrett, eit par lesebriller, vekkeur og mobilen.

– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag?

– Er innom og sjekkar nyheiter, Facebook og Finn.no.

– Kva er meininga med livet?

– Meininga med livet er å gjere andre glade, og det å kunne hjelpe familie og vener når det trengst. Og å gå på tur, hehe.