Namn: Leon KnapskogAlder: 32 årSivlistand: long distance relationship. Har kjærast som bur i OsloYrke: utdanna kokk og eigar av Minibakeriet på NordfjordeidBustad: Nordfjoreid

– Kva er du mest oppteken av? – Dei siste to åra har det vore Minibakeriet som har teke mesteparten av tida mi. Oppstartfasa har vore utruleg travel! Det har vore mykje jobb og stress, samstundes som at det har vore veldig moro! Det er først no eg føler at vi endeleg har begynt å få ting skikkelig på plass og eg faktisk kan begynne å tenke på andre ting igjen. – Kva gjer du på fritida? – Eg er veldig glad i å reise og prøvar å gjere det så mykje som mogleg. Har blitt eit par langturar dei soste åra til Sør-Amerika og Asia, men framover har eg planlagtg fleire litt kortare turar rundt i Europa. Med ein kjærast i Oslo blir det jo nokre turar dit også. Då er det mykje mat og vin det går i, både heime og ute på restaurantar. Elles elskar eg film, musikk og spelar litt gitar sjølv. Vinteraen står eg på snowboard på Harpefossen. – Kven beundrar du? – Foreldra mine! Dei er heilt rå. Står på for andre heile tida utan å forvente noko som helst tilbake. Dei er kreative, gavmilde og alltid blide og fornøgde. Verkeleg flotte forbilder! – Kva er det beste med heimstaden din?– Då må eg sei folka. Mottakelsen eg fekk då eg flytta heim og starta Minibakeriet har vore heilt overveldande. Eid har verkeleg overraska og imponert meg. Så utruleg mange positive og fine menneske på ein så liten plass. Fantastisk. Og så er det jo Malakoff, sjølvsagt. – Kva ville du ha gjort om du var ordførar for ein dag? – Flytta alle kjøpesenter, blokker og parkeringsplassar vekk frå strandlinja og lengre inn på land. Då ville vi fått tilbake meir av stranda, naturen og den fantastiske utsikta vi hadde på Eid tidlegare. – Kva kulturoppleving hugsar du best? – Trur det må vere ein solokonsert med Nick Cave i Oslo Kulturhus for nokre år sidan. Har vore på ein del festivalar og konsertar opp i gjennom tidene, men det var ei heilt spesiell oppleving. – Kva har du på nattbordet? – Allitd ei bok. – Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag? – Facebook, youtube og netflix er ofte besøkt i alle fall. – Kva er meininga med livet? – Å faktisk leve! Møte nye mennesker, smake nye smakar og besøke nye stadar. Å ha det gøy.