Namn: Evy-Ann Rye AarsethAlder: 41 årSivilstatus: giftYrke: lærarBustad: Rundereim

– Kva er du mest oppteken av? – Eg er oppteken av at barn og unge skal trivast og ha eit godt aktivitetestilbod, slik at dei blir glad i heimplassen sin og har lyst å flytte tilbake hit når dei er ferdig med utdanning si.

– Kva gjer du på fritida? – På fritida mi trenar eg yoga, går turar i fjellet, køyrer ungane mine til og frå ulike aktivitetar og jobbar i hagen min når det er vår og sommar.

– Kven beundrar du? – Eg beundrar Atle Solheim i Selje IL og alt det som han har klart å få til av aktivitet for små og store i Selje.

– Kva er det beste med heimstaden din? – Det beste med Rundereim er den flotte naturen og at det er ein liten plass der vi bryr oss om kvarandre.

– Kva hadde stått på di framside av Fjordenes Tidende? – Der hadde det stått at vi får tilbake bussen frå Selje til Flatraket klokka 19.30. Det hadde vore kjekt sidan eg har tre ungar som trenar i Selje fleire dagar i veka.

– Kva ville du ha gjort om du var ordførar for ein dag? – Om eg var ordførar for ein dag ville eg prøvd å finne nokon som kunne tenkje seg å byggje opp att Selje Hotell.

– Kva kulturoppleving hugsar du best? – Mi beste kulturoppleving er kabareten som 10.klasse på Selje Skule framførte i 2013.

– Kva har du på nattbordet? – Der har eg augedropar og mobil.

– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag? – fjt.no, Facebook og VG.

– Kva er meininga med livet?– Eg tenkjer at meininga med livet er å prøve å gjere sitt beste, og at du skal vere mot andre slik som du vil at andre skal vere mot deg. Det synest eg er ein god leveregel.