Namn: Camilla Sundal Laugerud

Alder: 24

Sivilstand: Singel

Yrke: servitør og vinkelnar

Bustad: Måløy, men kjem frå Kjølsdalen

– Kva er du mest oppteken av?

– Restaurantbransjen og jobben min på Kraftstasjonen er noko eg er svært oppteken av. Eg synest det er viktig at ein også i dei små distrikta skal kunne få matopplevingar på lik linje som i dei større byane. God mat frå kokkar som brenn for yrket sitt og service frå servitørar med god kompetanse om både mat- og drikkevarer er ei fin oppskrift for gode opplevingar. Vi er svært heldige her i Måløy som har så mange valmoglegheiter på gode plassar å ete.

– Kva gjer du på fritida?

– Fritida mi brukar eg på å vere med familie og vener. Samt at eg prøvar å vere flink til å reise så mykje som mogleg. Der er mykje av verda eg ikkje har sett enno.

– Kven beundrar du?

– Eg beundrar verkeleg farmor og farfar! I haust feira dei diamantbryllaup – 60 år saman, og like forelska!

– Kva er det beste med heimstaden din?

– Det må jo vere den nydelege naturen vi har. Å bu i Nordfjord er heilt fantastisk! Då eg var yngre var eg heilt sikker på at eg ville busette meg i ein storby, no er eg ikkje like sikker.

– Kva hadde stått på di framside av Fjordenes Tidende?

– "No treng du ikkje lenger betale for parkering i Måløy!!" Det er kanskje eit litt sårt tema, men eg trur det hadde gjort at fleire som bur inni fjorden hadde teke seg ein tur utover oftare.

– Kva ville du ha gjort om du var ordførar for ein dag?

–Det er jo ikkje mykje ein får gjort på ein dag. Men det måtte nok ha vert å lage eit forslag til prøveordning på gratis parkering i Måløy.

– Kva kulturoppleving hugsar du best?

– Det må vere då eg og ein ven reiste til Murcia i Spania for å jobbe. Det var ein fantastisk måte å lære om den spanske matkulturen. Dei vi jobba med snakka minimalt engelsk, dermed var det opp til oss å lære spansk for å kunne kommunisere best mogleg.

– Kva har du på nattbordet?

– Der står det eit bilete av mine tre kjekke nevøar frå sommarferien vi var på i fjor.

– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag?

– Dei faste nyheitsstadane; VG, Dagbladet, FJT, Fjordabladet og NRK. Og sjølvsagt Facebook og Instagram.

– Kva er meininga med livet?

– Meininga med livet må vere å bruke tida og dagane på ting som gjer deg glad! Ha ein jobb du trivast i, reis og opplev verda, ha det kjekt med vener og familie, og ikkje minst, drikk god vin.