Namn: Ragni Marie S. Rasmussen Alder: 31 årSivilstand: sambuar og eitt barnYrke: jobbar i garnbutikken Eid Miljø som eg skal overta etterkvartBustad: Strand, på sørsida av Eid

– Kva er du mest oppteken av? – At lokale nisjebutikkar og gater skal bestå. Det handlar om tilhøyrsle, personleg service og atmosfære.

– Kva gjer du på fritida? – Pussar opp, strikkar, er med jenta vår på ballett og turn, cardio dance og litt slalåm.

– Kven beundrar du? – Det er mange eg beundrar, men først og fremst mamma og pappa, brørne mine og min kjære sambuar. Dei stiller opp uansett kva det skal vere, og eg er umåteleg glad i dei og den støtta dei er for meg.

– Kva er det beste med heimstaden din? – Det er at det er heimstaden min, kor eg har vakse opp og som eg har lært å sette veldig pris på. Det er nærleiken til familie, omgivnadane, eit forholdsvis roleg tempo, fjell og fjord. Vi har stort sett det vi treng her.

– Kva hadde stått på di framside av Fjordenes Tidende? – Eid Miljø ekspanderer!

– Kva ville du ha gjort om du var ordførar for ein dag? – Det kunne eg faktisk ikkje tenke meg! Det ville vore alt for omfattande

– Kva kulturoppleving hugsar du best? – Trur det må være då eg var med å dansa i Elskovsdrikken. No i seinare tid er det konserten med Hekla Stålstrenga.

– Kva har du på nattbordet? – Lampe, klokkeradio, brillene og innimellom ei bok.

– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag? – Blir mest sosiale medium, Instagram, Facebook, Snapchat og så litt aviser.

– Kva er meininga med livet? – Å ta vare på kvarandre, spre glede, vere ydmyk og rettferdig!