Namn: Kathrine BergAlder: 43 årSivilstand: kjærastYrke: gullsmed Bustad: Hundvik i Eid

– Kva er du mest oppteken av? – Akkurat no er eg mest oppteken av at verksemda mi, BergArt har 20-års jubileum i mai. Då skal det skje mykje kjekt i butikken og det må planleggast og tilretteleggast i god tid.

– Kva gjer du på fritida? – Når eg har fri vert det mykje lesing. Gjerne ved eit basseng i varmare strøk, men elles les eg stort sett over alt. Det vert ein god del film også. Både på kino og i heimen saman med kjærasten, familie og vener.

– Kven beundrar du? – Eg beundrer dei som står opp for det dei meiner, sjølv om dette kanskje ikkje er så populært.

– Kva er det beste med heimstaden din? – Eg kan skrive ei heil avhandling om alt eg er stolt av når det gjeld Eid, men nærmast hjartet mitt står nok Eidsgata. Det er her du finn nisjebutikkar, koselege kafear og ein historisk sjarm som ingen andre har! Det er hit folk kjem når dei skal kose seg i fineveiret om sommaren og vise Eid frå si beste side. Det er her sjela til Eid er… Uansett er det folka som skapar staden og vi er så heldige at vi har mange kreative eldsjeler her i bygda som er med på å skape aktivetar og opplevingar både for fastbuande og tilreisande heile året. Det kan vi trygt framsnakke alle saman!

– Kva hadde stått på di framside av Fjordenes Tidende? – Nordfjord vert ei kommune! (på nynorsk sjølvsagt)

– Kva ville du ha gjort om du var ordførar for ein dag? – Då trur eg at eg ville ha gjett ordføraren ein velfortjen fridag etter å ha gjort Nordfjord om til ei kommune med Eid som det naturlege kommunesenteret.

– Kva kulturoppleving hugsar du best? – Malakoff er sjølvsagt årets høgdepunkt kvart år, men i fjor toppa det seg når The Dogs hadde pop-up-konsert ved Klemmekroken i Eidsgata - rett utanfor døra vår!

– Kva har du på nattbordet? – Ei bok og ei god flakse med vatn

– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag? – Det varierer veldig, men Facebook og Instagram brukar vi mykje i marknadsføringa av bedrifta så dei er eg garantert innom dagleg.

– Kva er meininga med livet? – Dersom ein får gjere ting ein har glede av kvar dag, saman med folk ein er glade i, føler eg at livet er ganske meiningsfullt i alle fall.