Namn: Håvard Grotle Røys

Alder: 18 år

Sivilstand: singel

Yrke: tømrer

Bustad: Kalvåg

– Kva gjer du på fritida?

– Eg spelar gitar og syng, spelar biljard, og er med vener. Og så spelar eg trommer i Kalvåg skulemusikk.

– Kven beundrar du?

– Eg beundrar alle som står på for å gjere noko positivt for lokalsamfunnet vårt i Kalvåg.

– Kva er det beste med heimstaden din?

– Det beste må vere den fantastiske naturen vi har rundt oss, og folka i bygda som sprer glede.

– Kva hadde stått på di framside av Fjordenes Tidende?

– Håvard frå Kalvåg vann Idol 2020.

– Kva ville du ha gjort om du var ordførar for ein dag?

– Tatt initiativ til å få bedre vegar og kommunikasjon i kommunen, og invitert kongen og dronninga til Kalvåg. Her har dei aldri vore før.

– Kva kulturoppleving hugsar du best?

– Konserten eg var på med Ole Edvard Antonsen og Didrik Solli Tangen.

– Kva har du på nattbordet?

– Vekkerklokka og mobilen min.

– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag?

– YouTube, Facebook, vg, fjt, firdaposten og NRK sogn og fjordane.

– Kva er meininga med livet?

– Meininga med livet er å ta vare på alle rundt seg og vere saman med dei som ein er glad i.