Namn: Tore Kroken Karlsen

Alder: 35 år

Sivilstand: singel

Yrke: jobbar ved Harpefossen skisenter

Bustad: Nordfjordeid

– Kva er du mest oppteken av?

– Eg er oppteken av ting som skjer på Eid, som Malakoff og Harpefossen. Det er viktig at det vert skapt aktivitet i bygda og som gjer Eid attraktivt.

– Kva gjer du på fritida?

– Kva fritid? Nei, er med vener og familie.

– Kven beundrar du?

– Ho mor, og alt ho gjer for heile familien.

– Kva er det beste med heimstaden din?

– Det beste med Eid er at vi har mykje å by på, uansett om du er ung eller gamal, og dette gjeld heile året i gjennom. Eid har mange kreative sjeler som gjer det til ein kjekk stad å bu.

– Kva står på di førsteside av Fjordenes Tidende?

– Harpefossen skisenter blir eit interkommunalt anlegg.

– Kva hadde du gjort om du var ordførar for ein  dag?

– Eg hadde sendt ein diger sjekk til frivillig arbeid i Eid, som Harpefossen skipatrulje.

– Kva kulturoppleving hugsar du best?

– Malakoff rockfestival 2014 med Biffy var heilt magisk. Ser fram til sommaren når dei står på scena i Eid på ny.

– Kva har du på nattbordet?

– Det vil du ikkje vite. Hehe.

– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag?

– Yr, Harpefossen, nrksfj og fjt.

– Kva er meininga med livet?

– Meininga med livet må no vere positive tankar.