Namn: Kennet Nordpoll

Alder: 18 år

Sivilstand: singel, ung og lovande

Yrke: student og deltid hos Marine Harvest

Bustad: Nordfjoreid sida eg går på skule der, men er eigentleg frå Selje kommune

– Kva er du mest oppteken av? – Eg er veldig oppteken av at den maritime næringa stabiliserar seg, og at der blir mange framtidige jobbar.

– Kva gjer du på fritida? – Eg er glad i å vere sosial, og fritid går derfor mykje til vener. Litt trening må også til, og ikkje minst er det viktig med ein fest eller to i løpet av veka!

– Kven beundrar du? – Eg ser veldig opp til pappa. Eit ekte arbeidsjern som du alltid kan spørje om hjelp. Han fiksar det meste!

– Kva er det beste med heimstaden din?

– Det beste med heimstaden min er å sjå sola gå i havet på sommarkveldane, helst med ei pils i handa og gode vener rundt meg.

– Kva står på di førsteside av Fjordenes Tidende? – På framsida av Fjordenes Tidende står det: Sommaren 2017 blir rekordår for høg temperatur og mykje sol.

– Kva hadde du gjort om du var ordførar for ein dag? – Om eg var ordførar for ein dag ville eg ha brukt opp heile budsjettet på ein fleirbrukshall i Selje.

– Kva kulturoppleving hugsar du best? – Mi beste kulturoppleving må vere Malakoff. Gler meg til neste festival!

– Kva har du på nattbordet? – På nattbordet ligg mobilen full av alarmar som berre ventar på sette i gang.

– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag?– VG, tv2 sport, norsk tipping og ikkje minst fjt!

– Kva er meininga med livet? – Meininga med livet er å reise og oppleve mest mogleg, og ikkje minst treffe nye og kjekke menneske.