Namn: Joar Lillerovde Alder: 47 år Sivilstand: giftYrke: bussjåfør Bustad: Syvde

– Kva er du mest oppteken av?– Eg er oppteken av at dei rundt meg skal ha det godt.

– Kva gjer du på fritida?– Sang og musikk har alltid vore ein stor del av livet mitt. Eg syng i Rovde blandakor og spelar i korps på Rovde og Lauvstad.

– Kven beundrer du?– Eg beundrer foreldra mine. Dei stiller opp for familiane til meg og brørne mine på ein heilt fantastisk måte.

– Kva hadde stått på di framsida av Fjordenes Tidende? – Mange nye arbeidsplassar til Vanylven. Ny drift ved Fiskåholmen og Klevenbygget på Rovde.

– Kva hadde du gjort om du var ordførar for ein dag?– Då hadde eg kjempa for å få tilbake busstilbodet mellom Vanylven-Maurstad, og fått tilbake bussruta som gjekk frå Selje/Stadlandet/Åheim til Moa/Ålesund sjukehus.

– Kva kulturoppleving hugsar du best? – Har vore på mange kulturelle arrangement. Vanskeleg å trekke fram noko spesielt. Eg er veldig glad i konsertar.

– Kva har du på nattbordet?– Der er ikkje så mykje. Stort sett ein mobiltelefon, der vekkerklokka er stilt inn på om lag klokka 5.

– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag?– Eg er innom Fjt, VG, NRK Sogn og Fjordane/Møre og Romsdal, smp og Facebook.

– Kva er meininga med livet?– Meininga med livet må vere at du kan vere ein ressursperson for andre, og å vere eit forbilde for ungane.