Namn:  Stig Hjelmeland

Alder: 65

Sivilstand: gift med Turid

Yrke: pensjonist etter 40 år i IT-bransjen

Bustad: Leikanger, Stadlandet

– Kva er du mest oppteken av?

– Utover å vere til stades for mine næraste, er eg no oppteken av at Selje kommune skal kome best mogleg ut av kommunereformrabalderet.

– Kva gjer du på fritida?

– Er på fjell eller i fjøre - gjerne med fiskestong og kamera. Syklar. Stadlandet er perfekt for syklistar, manglar berre at du kan sykle rundturar. Høyrer på P2. Ser Dagsnytt18. Seriesjåar på Netflix. Den gode, gamle LP-samlinga. Dansar med kona på kjøkkengolvet.

– Kven beundrar du?

–Turid, kona mi. Ho er i 100 prosent stilling på Selje sjukeheim. Kjem heim seint etter seinvakt for å stå opp grisetidleg neste morgon for tidlegvakt. Ho gjer ein viktig jobb.

– Kva er det beste med heimstaden din?

– Vi flytta heim i 2015 etter 40 år i byar. Naturen, lyset, lufta og det skiftande vêret er ei dagleg festforestilling. Det ville vi ha tilbake. Og folk som kjenner kvarandre og tek ansvar for bygda og miljøet.

– Kva hadde stått på di framside av Fjordenes Tidende?

– Endeleg saman. Vanylven, Vågsøy, Bremanger, Selje og Eid har i statsråd fått klarsignal til å danne ny kommune. Folk jublar!

– Kva ville du ha gjort om du var ordførar for ein dag?

– Eg ville kartlagt alle tomme hus og undersøkt om nokon av dei kunne leigast ut eller seljast. Dette ville eg kombinert med å lyse ut stillingar på ein slik måte at familiar trygt kan flytte hit.

– Kva kulturoppleving hugsar du best?

– Dragseidspelet «På Sverdeggja». Utruleg høgt nivå i alle ledd. Dramatikken, scenemiljøet, regien, skodespelarane. I fjor var alt perfekt. Har sett det fleire gonger. Like spanande kvar gong.

– Kva har du på nattbordet?

– Der kan ligge ei bok. Den siste var fjerde boka av Ferrante. Den neste vil vere femte «En sjøens helt» av Jon Michelet. Ofte ligg der ein iPad med ein altfor fristande app for nettsjakk.

– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag?

– Twitter, nrk.no, chess.com (sjakk), Facebook og ikkje minst Facetime med barnebarn.

– Kva er meininga med livet?

– Å leve.