Namn: Helene Maurstad Endal

Alder: 22 år

Sivilstand: singel

Yrke: arbeidsledig

Bustad: Maurstad

– Kva er du mest oppteken av?

– Eg er mest oppteken av familie og vener, for dei er heile kvardagen min.

– Kva gjer du på fritida?

– Eg er for det meste saman med vener.

– Kven beundrar du?

– Mest av alt beundrar eg mormor og morfar! Dei stiller alltid opp, og er der alltid dersom det er noko.

– Kva er det beste med heimstaden din?

– Det eg er aller mest glad i med heimstaden min er folka som bur her.

– Kva hadde du gjort om du var ordførar for ein dag?

– Då ville eg ha fått Bryggja inn i Eid kommune.

– Kva kulturoppleving hugsar du best?

– Malakoff Rockfestival.

– Kva har du på nattbordet?

– Snus og telefon.

– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag?

– Facebook, NRK, FjT.

– Kva er meininga med livet?

– Det trur eg faktisk må vere å ha det godt saman med familie og vener.