Namn: Dina Kristin Løseth

Alder: 16 år

Sivilstand: i eit forhold

Yrke: skuleelev

Bustad: Syvde

– Kva er du mest oppteken av?

– Sminke er noko eg synest er veldig gøy, men eg er også oppteken av at dei rundt meg skal ha det bra.

– Kva gjer du på fritida?

– På fritida mi er eg med venner og kjærasten min Kristoffer.

– Kven beundrar du?

– Eg beundrar mamma. Ho var utruleg snill, vakker, tapper og tenkte alltid på andre før seg sjølv. Ho var verkeleg ei fantastisk mor.

– Kva er det beste med heimstaden din?

– Det beste med heimstaden min må vere den flotte naturen og ikkje minst utsikta. Ingenting er som Syvde på ein solskinnsdag.

– Kva står på di førsteside av Fjordenes Tidende?

– Studiespesialisering ved Syvde vgs til hausten!

– Kva ville du ha gjort om du var ordførar for ein dag?

– Om eg var ordførar for ein dag ville eg gjort tiltak i kommunen som får ungdommen til å ville bu her. Som for eksempel, få fleire jobbtilbod og legge meir til rette for dei unge.  Det er tross alt dei unge som er framtida. Og det er ein grunn til at Vanylven vil ligge på toppen med flest eldre i forhold til innbyggjartal i landet i løpet av dei neste åra.

– Kva kulturoppleving hugsar du best?

– Kulturopplevinga eg hugsar best må nok vere Vanylvsråkk og Kosterikjedagane.

– Kva har du på nattbordet?

– På nattbordet mitt har eg ein lampe, høgtalarar, handkrem og øyrepropper.

– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag?

– Nettstadar eg er innom i løpet av en dag er facebook, vg og yr.

– Kva er meininga med livet?

– Det eg trur meininga med livet er å leve livet, ha det gøy med venner og familie og få seg ein eigen familie etter kvart.