Namn: Preben Halnes

Alder: 17 år

Sivilstand: singel

Yrke: student

Bustad: Florø, men kjem frå Raudeberg

– Kva er du mest oppteken av?

– Det må vel bli fotball. Eg både spelar sjølv og er ein ivrig supportar.

– Kva gjer du på fritida?

– Brukar for det meste fritida mi på trening, fotball og gaming.

– Kven beundrar du?

– Eg beundrar mora mi, ho er ein av dei få eg veit om som set andre framfor seg sjølv. Ho er meir oppteken av at andre skal ha det godt, enn seg sjølv.

– Kva er det beste med heimstaden din?

– Det beste med heimstaden min er den fantastiske naturen vi har.

– Kva hadde stått på di framside av Fjordenes Tidende?

– Kunstgraset er ferdiglagt i Skaredammen.

– Kva ville du ha gjort om du var ordførar for ein dag?

– Lagt kunstgras i Skaredammen.

– Kva kulturoppleving hugsar du best?

– Då eg var med å vinne kretsmesterskapet i fotball innandørs for første gong.

– Kva har du på nattbordet?

– Ei flaske med vatn og mobilen.

– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag?

– FjT,Tv2, Netflix og Facebook.

– Kva er meininga med livet?

– Vi må gjere det beste ut av det.