Namn: Sebastian Luis Gangeskar Alder: 21 årSivilstand: singelYrke: uførBustad: Kulen

– Kva er du mest oppteken av?– Eg er mest oppteken av at dottera mi skal ha det bra. Ho betyr alt for meg.

– Kva gjer du på fritida? – Fritida mi brukar eg på musikk, bil og selvfølgelig dottera mi Mikaela.

– Kven beundrar du? – Onkelen min! Han har alltid vore eit stort forbilde for meg. Han hjelp meg når eg treng det uansett når det skulle vere.

– Kva er det beste med heimstaden din? – Det beste med heimstaden min må vere alt ein kan oppleve utan å måtte køyre så langt. Det ein kan oppleve rundt her er kjempekjekt både for store og små!

– Kva hadde stått på di førsteside på Fjordenes Tidende? – Litt usikker. Kanskje ein ekstra hyllest til alle frivillige og dei som hjelper til rundt her for å redde liv. Dei fortenar ein ekstra hyllest!

– Kva hadde du gjort om du var ordførar for ein dag? – Ville ikkje gjort så veldig mykje anna. Har ikkje så veldig mange meininga rundt det politiske.

– Kva kulturoppleving hugsar du best? – Mine beste kulturopplevingar må være med SIL turn. Mykje sosialt.

– Kva har du på nattbordet? – På nattbordet mitt står dei ei lita leselampe og pc-en min.

– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag? – Facebook, VG og Viaplay.

– Kva er meininga med livet? – Usikker på kva meininga med livet er, men ville levd livet for det, det er det verdt!