Namn: Tommy SildenAlder: 35 årSivilstand: giftYrke: oljearbeidarBustad: Selje

– Kva er du mest oppteken av? – Akkurat no er eg oppteken av om Selje Hotell blir sett i stand igjen.

– Kva gjer du på fritida? – I desse tider går det i å planlegge husbygging.

– Kven beundrar du? – Det er konemor, ho har alltid kontroll, og fiksar det meste i heimen.

– Kva er det beste med heimstaden din? – Eldsjelene vi har i Selje. Ei lita bygd treng desse skal det skje noko.

– Kva hadde stått på di framside av Fjordenes Tidende? – Stor bedrift vil etablere seg i Selje.

– Kva ville du ha gjort om du var ordførar for ein dag? – Begynt å grave på Stad skipstunell.  Det er viktig å gå forann med eit godt eksempel.

– Kva kulturoppleving hugsar du best? – Fotballkamp i England.

– Kva har du på nattbordet? – Mobil og ein lampe.

– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag? – Vg, Dagbladet, offshore.no og Fjt.

– Kva er meininga med livet? – Å leve livet.