Namn: Siw Jeanett Brekke Refvik

Alder: 20 år

Bustad: kjem frå Haus

Sivilstand: singel

Yrke: er TAF-helsefagarbeidarlærling på Hogatunet

– Kva er du mest oppteken av?

– Eg er vel for det meste oppteken av at dei rundt meg skal ha det bra. Eg er oppteken av det, fordi humøret smittar, så om folk rundt meg er i godt humør og har det bra, så får ein det betre med seg sjølv. Eg er også nyvald ungdomstillitsvalt i fagforbundet i Eid kommune, og det er ei gylden moglegheit til å halde på med det eg er oppteken av.

– Kva gjer du på fritida?

– Fritida går for det meste i lekse, fjellturar, å vere saman med vener, å vere ungdomstillitsvalt og å køyre Mustang og motorsykkel.

– Kven beundrar du?

– Eg beundrar mormor, som er ei sprudlande dame med bein i nasa. Ho har alltid tid til ein prat, og har mange gode historier på lur. Det beste er vel at vi er så like, så vi har det knakandes kjekt uansett kva vi tek oss til.

– Kva er det beste med heimstaden din?

– Det beste med Haus er bygdefolket og naturen. Ein har god plass rundt seg, og kjekke folk på alle kantar. Det er kanskje ikkje den mest sentrale plassen, men ein finare og tryggare plass å vekse opp skal ein leite lenge etter.

– Kva hadde det stått på di framside av Fjordenes Tidende?

– Der hadde det stått: ”Nordfjord-kommunene er langt over landssnittet på antall lærlingplassar.” Det er viktig at ein fokuserar på å få ungdom ut i lære, dette tenar både vi som unge og næringslivet mykje på.

– Kva hadde du gjort om du var ordførar for ein dag?

–  Om eg var ordførar for ein dag ville eg ha fått i gong eit godt arbeid i forhold til den universielle utforminga, for alle skal ha rett til å komme seg dit ein ynskjer. Ingen skal måtte gå glipp av aktivitetar og liknande, berre fordi dei har ei funksjonsnedsetting.

– Kva kulturoppleving hugsar du best?

– Det er vel Malakoff eg hugsar best. Det er få ting som slår gode vener og bra musikk!

– Kva har du på nattbordet?

– På nattbordet har eg bilete av mine tre småsøsken, eg er svært takksam for at eg får vere storesøster til så fine folk. Og så har eg vekkarklokka mi. Det er viktig å komme seg opp tidleg å bruke dagen på noko fornuftig.

– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag?

– Eg er innom Facebook, ulike aviser og fagforbundet kvar dag. Det er viktig å halde seg oppdatert på kva som skjer.

– Kva er meininga med livet?

– Meininga med livet er vel å få mest ut av tida vi har her.