Namn: Dan Jøran Hafsås

Alder: 24 år

Sivilstand: sambuar

Yrke: sportskoordinator og A-lagstrenar Eid Fotball

Bustad: Stårheim

– Kva er du mest oppteken av?

– Mennesket og menneskeutvikling. For å møte mennesker på ein best mogleg måte, treffe dei "der dei er" i livet sitt og behandle menneska ein møter med respekt, openheit og audmjukskap. Dele erfaringar og kunnskap slik at alle kan gjere samfunnet til ein endå betre plass for alle.

– Kva gjer du på fritida?

– Går stort sett til fotball, trening og sambuar.

– Kven beundrar du?

– Eg beundrar spesielt mi mor og mine besteforeldre. Mi mor for eit fantastisk godt hjarte for alle rundt seg. Besteforeldra mine for deira si godheit, nærleik og kjærleik til kvarandre og resten av familien. I tillegg beundrar eg Thomas Bashay (som spelar på Eid) for hans enorme entusiasme og glede! Alltid eit smil om munnen på den guten.

– Kva er det beste med heimstaden din?

– Stårheim, det er bare perla midt i Nordfjord. Fjord, fjell, roleg og behageleg. Draumeplass.

– Kva hadde stått på di framside av Fjordenes Tidende?

– Vanskelig. Globalt: Fred i verda. Lokalt: Eid kommune best på trivsel i landet.

– Kva hadde du gjort om du var ordførar for ein dag?

– Er ikkje særlig inn i politikken. Men eg ville prøvd å få sjukehuset 100 prosent opp å gå igjen. Eg ville sørga for at alle helsetilbod til unge og eldre var på sitt beste. Og så ville eg putta enda meir pengar inn i idretten som eg anser som ein svært viktig del av unge si framtid, både for helsemessige og sosiale gevinstar.

– Kva kulturoppleving hugsar du best?

– Må vere skulemusikalen "Rent" som eg var ein del av på Eid vgs.

– Kva har du på nattbordet?

– Hehe, har inga aning. Ein lampe, kanskje?

– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag?

– Alle dei store avisene, med hovudvekt på sport.

– Kva er meiniga med livet?

– Meininga med livet er å leve. Skape gode minner saman med folk du har nær og kjær. Bidra til eit godt fellesskap utan fordommar.