Namn: Anne-Kari LerfaldSivilstand: lykkeleg singelYkre: surfemamma, oppvartarBustad: Hoddevik

– Kva er du mest oppteken av? – Miljø, natur og velvære. Eg veit at mykje kan gjerast betre i forhold til natur og miljø. Vi er alt for mange med for stort forbruk og utnyttarar av naturens sårbare ressursar. Eg kan ikkje gjere alt, men eg kan få gjort og vidareformidla mykje nyttig. Eg vil jo gjerne bli hugsa i neste generasjon som ein entusiast og pådrivar for natur og miljø. Eg er oppteken av å utvikle meg sjølv og det å la alle dagar gi meg lærdom.

– Kva gjer du på fritida? – Puslar med hus og eigedom. Hagen skal jo vere «bærekraftig» og full av fargar. Og gamalt hus er ein stor fritidsslukar. Men eg kosar meg med det.

– Kven beundrar du? – Dattera mi, Ilmi Erika. Ho er tøffare enn toget og ho vil klare alt ho vil. Ho er den urbane «kystkvinna». Sterk, seig og full av pågangsmot. Det er ei tøff verd for dei unge i dag.

– Kva er det beste med heimstaden din? – Hoddevik er ei unik perle på Norgeskartet. Det vil eg gjere mykje for å bevare. Det kan til tider sjå stygt ut for denne naturskjønne og historierike biten av Norge. Så det beste er vel at eg er her og kan få med alle naturens førestillingar og sørge for at det forblir sånn. Ingen dag er lik den i går.

– Kva ville du ha gjort om du var ordførar for ein dag? – Ville laga ny heimeside til kommunen, «tvangsselt» alle dei tomme og ubebudde eigedomane og fått inn fleire bønder og barnefamiliar, ordna det slik at det var nok nærliggande skule- og barnehageplassar og pussa opp gamleheimane. Og ikkje minst lagt ned forbod mot rasering av natureining. Kor mykje rekk eg på ein dag tru?

– Kva kulturoppleving hugsar du best? – Der er hugsen veldig ueing i kva som er best, men nokre bilete dukkar raskt opp. Det er frå operaen i Oslo og London.

– Kva har du på nattbordet? – Har alltid minst tre bøker. Kjem an på sesong, tilstand og lyst. Ei bok som alltid er fast er Ren poesi. Poesi plukka ut av Ellen Wisløff. Andre faste bøker er Kveldsmeditasjon, Hilt og Hansteen. Gode ord for ei roleg natt, alt ordnar seg om du har positive tankar, og Bjørnsons beste, dikt utvalt av Edvard Hoem. Utbyttarar no er Kverk av Marit Bendz, Trekkoppfuglen Karuki Murakami og Sapiens, innføring i menneskehetens historie av Yuval Noah Harari.

– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag? – Nyheiter først. NRK, Aftenposten, Dagens Næringsliv, lokale nyheter, Dag og Tid og Klassekampen. Viktig å få med alle vinklar. Så er det mail, Facebook og kanskje spele litt sjakk. Er ikkje så mykje eg brukar utover det. Tida har mange andre gjeremål i Hoddevik.

– Kva er meininga med livet? – Anar ikkje. Eg prøvar å finne det ut med å leve ut dagen.