Namn: Marte Rønnestad

Alder: 23 år

Sivilstand: sambuar

Yrke: student

Bustad: Oslo, men kjem frå Nordfjordeid

– Kva er du mest oppteken av?

– Til dagleg er eg nok mest oppteken av å disponere tida mi godt, slik at eg får tid til både studier, vener, familie og sambuar. I tillegg har eg og ein kompis nettopp starta opp ein podkast, så den er eg nok over gjennomsnittet oppteken av for tida!

– Kva gjer du på fritida?

– På fritida er eg veldig glad i å trene, vere saman med folk eg er glad i og gå lange turar med hunden min.

– Kven beundrar du?

– Eg ser opp til og beundrar mange, men bestemor og bestefar er ekstraordinære begge to. Dei har gått foran som hardtarbeidande, sunne og flotte rollemodellar for både barn og barnebarn. I tillegg er dei oppriktig engasjerte i heile familien, og eit nydeleg par!

– Kva er det beste med heimstaden din?

– Det beste med Eid og Nordfjord generelt må vere mangfaldet av aktivitetar og moglegheiter ein har, med alt frå kunst og kultur, til idrett og fantastisk natur. Det er alltid veldig godt å kome heim.

– Kva hadde stått på di framside av Fjordenes Tidende?

– Endeleg er alle einige – ei stor Nordfjord-kommune blir ein realitet.

– Kva hadde du gjort om du var ordførar for ein dag?

– Om eg hadde vore ordførar for ein dag hadde eg nok fått heilt stressanfall av heile greia, og ikkje klart å utrette dei heilt store tinga. Likevel ville eg nok ha prøvd å legge meir til rette for at ein som ung skal kunne kome tilbake til distriktet, og etablere eigne bedrifter eller utvikle idear og nytenkingar, som gjer det attraktivt å flytte heim.

– Kva kulturoppleving hugsar du best?

– Det er nesten umogleg å trekke fram berre ei kulturoppleving, men det var veldig stort å få vere med på Opera Nordfjord si første oppsetning i operahuset på Eid; Carmen!

– Kva har du på nattbordet?

– Ein stabel med magasin og mobiltelefonen min.

– Kva nettsider er du innom i løpet av ein dag?

– Eg er nok innom Facebook, VG, Aftenposten, nettsidene til skulen også spelar eg litt tetris i smug.

– Kva er meininga med livet?

– Kva som er meininga med livet er noko eg ikkje brukar så mykje tid på å tenke over lenger. Eg trur essensen ligg i å nyte både små og store ting, og ikkje alltid tenke på kva som skal skje i framtida, men heller sette pris på det ein har – sjølv om eg høyrer sjølv at det er ein klisjé.