Namn: Thea Helene Hansen

Alder: 20 år

Sivilstand: singel

Yrke: studerer bachelor i psykologi ved Høgskolen i Lillehammer

Bustad: Lillehammer, oppvaksen på Årsheim/Stadt

– Kva er du mest oppteken av?

– Eg er for det første oppteken av å gjere det bra på Høgskulen. Eg ynskjer å lære mykje og oppnå kompetanse nok til å kunne ta master og arbeide med psykologi vidare. Elles er eg også veldig oppteken av at skule ikkje skal vere alt. Eg trur ein presterer betre om ein tek litt pauser, har vener og har det bra i kvardagen. Då blir det vertfall lettare for meg å studere når eg skal det. Eg er også oppteken av å halde på røtene mine. Dialekta, nynorsken, verdiane og elles alt eg har lært av familie og kjente.

– Kva gjer du på fritida?

– Når ein er student på eit såpass krevjande studium som psykologi, så er det ikkje så mykje fritid. Ein klemmer inn trening og vener der ein kan, men elles går fritida til å dekkje biologiske behov som mat og søvn. Høgskulen og Lillehammer elles er flink å komme med sosiale arrangement, så quizkveldar, stand-up og andre arrangement får gjerne plass i kalenderen.

– Kven beundrar du?

Eg beundrar farfaren min, Svein Hansen. Eg beundrar hans stå på vilje for bygda vår, Årsheim og kommunen vår. Han ser mogleghetene og han gir seg ikkje. Eg beundrar også våre gode diskusjonar og at han alltid har tid til ein kaffi når eg er heime. Ein farfar i livet skulle alle ha hatt.

– Kva er det beste med heimstaden din?

– Det beste med Stadt er definitivt variasjonen i naturen. Ein kan gå så utruleg mange turar der, både i fjell og fjære. Mor mi, Solveig Tveit drog alltid oss borna med på turar då vi var yngre. Eg var ikkje den største fanen då, men er det noko eg saknar på Østlandet er det fjella og havet vi har på Stadt. Eg er også glad i alle menneska der. Ein kjenner seg så heime når ein har slekta rundt seg og stadane ein har vakse opp med.

– Kva hadde stått på di framside av Fjordenes Tidende?

– Thea Hansen flyttar tilbake til Stadt som bygdepsykolog. Neida. Eg kunne tenkt meg mange viktigare framsider. Sjukehus på Nordfjordeid er no eit fullverdig sjukehus att. Kommunereforma går i boks, med Stad som kommunenamn. Bygde-Norge vert endeleg prioritert på Stortinget.

– Kva ville du ha gjort om du var ordførar for ein dag?

– Eg ville nok brukt dagen på å lært så mykje som mogleg. Sett på systemet, korleis personane arbeider saman og i forhold til kvarandre. Korleis ting verkar, korleis økonomien har endra seg og kva pengane vert og ikkje vert brukt på. Å være ordførar er garantert ikkje den enklaste jobben, og eg trur ikkje ein uerfaren ungdom som meg kunne eller ville gjort så mykje drastisk. Eg ville heller lært for så å kunne gjere endringar seinare.

– Kva kulturoppleving hugsar du best?

– Malakoff, både i 2014, 2015 og 2016. Er det noko ein må kome heim til så er det Malakoff! 2017 vert truleg like magisk.

– Kva har du på nattbordet?

– Mobilen min, og kanskje ei pensumbok. Men det er eigentleg sjeldan den blir med til sengs.

– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag?

– Eg likar å halde meg oppdatert på det som skjer i Norge og verda så eg er innom VG så og seie kvar dag. Følgjer også Fjordenes Tidende og nokre andre nyheitssider på facebook, så om det er noko spanande er eg også innom der. Elles går det litt for mykje i sosiale medier og bloggar.

– Kva er meininga med livet?

– Eg trur meininga med livet er å finne ei meining med livet. Livet i seg sjølv gjev eigentleg ikkje mykje meining, og det er derfor ein må skape den sjølv. Ein må finne glede over noko som ein sjølv set som viktig. Nokre finn det gjennom arbeid, opplevingar, familieliv eller religion. Ein kombinasjonen mellom alle er sjølvsagt mogleg. Mi meining vil vere å kunne hjelpe menneske gjennom psykologien, kanskje også få andre til å opne augne å få ein større forståing på kva psykiske lidingar faktisk inneber. Å vise respekt for andre menneske og å vise omtanke for dei ein møter vert også viktig. Eg trur det er viktig å vite kva ein vil, og å tørre å gjere ei endring der det trengs.