Namn: June Beathe Husevåg Skille

Alder: 33 år

Sivilstand: gift

Yrke: jobbar som pleiemedarbeidar, men held på å utdanne meg som helsefagarbeider.

– Kva er du mest oppteken av?

– Eg er mest oppteken av borna mine, familie, gode vener og jobben min. Eg elskar ungane mine, og brenn for å jobbe med eldre.

– Kva gjer du på fritida?

– På fritida likar eg å gå ut i nærområdet og finne på ting med familien og borna mine. Eg likar også å slå av ein prat over ein kaffi, saman med vener.

– Kven beundrar du?

– Eg beundrar farmora mi, Eldbjørg Barmen, som dessverre ikkje er blant oss lengre. Ho var ei alt mogleg dame, og det var ingenting ho ikkje klarte. Ho var ein dyktig kunstnar, jobba i Nordsjøen og reiste på fiskebåt som kokk. Og så lagde ho sjølvsagt verdas beste kjøttkaker.

– Kva er det beste med heimstaden din?

– Det beste med heimstaden min er naturen, og vêrforholda som varierer heile tida. Både finevêr og styggevêr har sin sjarm. Ein anna bra ting med å bu her, er alle dei kjekke folka som bur her.

– Kva hadde stått på di førsteside av Fjordenes Tidende?

– Endeleg er det avgjort! Måløy sentrum skal få ein flott leike- og klatreplass for born.

– Kva hadde du gjort om du var ordførar for ein dag?

– Då hadde eg teke ei avgjerd om å behalde Holvik skule.

– Kva kulturoppleving hugsar du best?

– Eg hugsar heilt klart Tall Ship Races best. Det var ei fantastisk helg.

– Kva har du på nattbordet?

– På nattbordet har eg ein lampe, mobil og eit vannglas.

– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag?

– Er som regel innom Facebook og VG.

– Kva er meininga med livet?

– Meininga med livet må no vere borna mine og mannen min. Det aller beste som har hendt meg. Og sjølvsagt resten av familien min.