Namn: Jon Anders GulbransenAlder: 30Sivilstand: singelYrke: fysioterapeutBustad: Selje

– Kva er du mest oppteken av? – At folk skal trivast og ha det bra til ei kvar tid! Ein glad venn er ein glad Jon.

– Kva gjer du på fritida? – Spelar fotball og trenar på det veldig godt utstyrte Selje Treningssenter. Elles sosial omgang med mindre oppegåande vener.

– Kven beundrar du? – Runar Berg. Største helten i norsk fotball!

– Kva er det beste med heimstaden din? – Alle dei hyggelege menneska og utsikten.

– Kva hadde stått på di framside av Fjordenes Tidende? – Selje IL i eliteserien, kva skjer med verda?!

– Kva ville du ha gjort om du var ordførar for ein dag? – Arrangert ein storslått lunch-buffet for hardtarbeidande kommunalt tilsette, før eg hadde leigd inn ein litt meir kompetent kandidat til jobben.

– Kva kulturoppleving hugsar du best? – Sist Malakoff-festival. Hjerna mi jobbar berre eitt år om gongen.

– Kva har du på nattbordet? – Har ikkje nattbord, men mobilen ligg ved sidan av senga, saman med eit kryssordblad og ei bok. Latar som at det kjem til å bli brukt.

– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag? – Vg, dagbladet, tv2, facebook, aftenposten, nrk, og 9gag. Gotta have my fake news!

– Kva er meininga med livet? – Tja, sei det! Alt for djupt for ei enkel sjel frå nord. Ha det gøy medan ein er ung, for så å late som ein er ung resten av livet?