Navn: Regine Johansen Alder: 22 Sivilstand: singel Yrke: cabin crew for Norwegian Airshuttle Bustad: Oslo, men kjem frå Deknepollen

– Kva er du mest oppteken av? Eg er veldig oppteken av rettferdighet og å hjelpe dei som ikkje er like heldige som oss. Grunnen til det er vel at eg sjølv synest det handlar meir og meir om "meg og mitt" her i landet, samtidig som det skjer mykje grusomt i verda.

– Kva gjer du på fritida? – Brukar største delen av fritida på å vere med vener, om det er på kafé, restaurant eller ein fest. Brukar også mykje av fritida på reising med systera mi.

– Kven beundrar du? – Farmor. Det gjer eg fordi det ikkje finnast eit snev av egoisme i ho, og ho har alltid hatt ei utruleg evne til å sjå positivt på så og sei alt, uansett kva som skjer.

– Kva er det beste med heimstaden din?– Det beste med heimstaden min er heilt klart dei flotte omgivelsane og naturen. Kollegaene mine blir alltid overraska når eg viser bilder og vil at eg skal ta dei med heim på besøk. Og selvfølgelig er det eit stort pluss at mamma og pappa bur der.

– Kva hadde stått på di framside av Fjordenes Tidende? At lufthavna i Florø blir utbygd og får lengre rullebane, slik at større flymaskiner kan lande der. Eg syns Widerøe treng konkurransen!

– Kva ville du ha gjort om du var ordførar for ein dag?– Då ville eg nok mest sannsynleg gått av. All ære til dei som taklar så mykje ansvar!

– Kva kulturoppleving hugsar du best? – Her er det jo mange gode å velge i. Eit augneblink som skil seg ut der i mot er fra Måløydagane 2015, då Åge Steen Nilsen hadde Queenshow i festteltet, og så og sei alle sto på borda og song med for full hals. Eg likar å tru at vi var det beste publikummet han hadde den sommaren. Eg blei ganske trist når eg ikkje fekk med meg det i år.

– Kva har du på nattbordet? Eit bilde av meg og venninna mi Caroline, og eit glass vatn.

– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag? –  Dagleg besøker eg tv2.no, fjt.no, hangar.no og bbc.co.uk.

– Kva er meininga med livet? –  For meg handla livet om å nyte det så mykje ein kan og gjere det ein likar å gjere. Favorittmottoet mitt er at vi lev ikkje for å jobbe, vi jobbar for å leve.