Namn: Torine Storøy BortneAlder: 16 år yrke: elev på 1. året på idrettslinja på FirdaBustad: kjem frå Rugsund, men bur på hybel på Sandane

– Kva er du mest oppteken av? Det eg er er mest oppteken av er rettferd. At alle skal bli sett og høyrt.

– Kva gjer du på fritida? På fritida spelar eg gitar og syng i bandet Nemo. Eg spelar og fotball for Eid. Elles likar eg å vere med vennane mine.

– Kven beundrar du? Eg beundrar og ser opp til heile familien min. Alle har gått igjennom mykje, men greier framleis å smile og vere glade. Dei er utruleg sterke og tøffe.

– Kva er det beste med heimstaden din?Det beste med heimestaden min er naturen, sjøen, folka og samholdet som er her blant oss unge. Sidan vi er så få kjenner ein alle som bur her, noko som er utruleg hyggeleg.– Kva ville du ha gjort om du var ordførar for ein dag?Om eg fekk vere ordførar for ein dag hadde eg gjort slik at her ikkje blei så mange feriehus i bygdene, men hus som familiar kan flytte inn i og bu i. Då hadde her vore større moglegheiter for tilflytting til bygdene. Eg ville også skaffa musikkbingar knytt til alle oppvekstsentera.

– Kva hadde stått på di framside av Fjordenes Tidende?– På mi framside i Fjordenes Tidende hadde det stått at Via ferrata Hornelen opnar sommaren 2018.

– Kva kulturoppleving hugsar du best? Den kulturopplevinga eg hugsar best er UKM 2017. Der gjekk bandet mitt vidare frå lokalmønstringa til fylkesmønstringa i Høyanger.

– Kva har du på nattbordet? På nattbordet mitt har eg to lampar, ein plante, to lypsylar og ein sportsteip av alle ting.

– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag?Eg er innom tv2 og sjekkar nyhetene. Eg er og innom sosiale medier som facebook og instagram.

– Kva er meininga med livet? Meininga med livet er å oppleve. Oppleve verda, lykke og kjærleik.