Namn: Ørjan Senneset

Alder: 28 år

Sivilstand: sambuar

Yrke: operatør i Schlumberger

Bustad: Bergen, men kjem frå Bremanger– Kva er du mest oppteken av?

– Det er nok fotballen, både lokalt og verdseliten. – Kva gjer du på fritida?

– No for tida går mesteparten av tida til å klargjere huset for ungen vi skal få i november/desember, men eg får alltid tid til å sjå fotballkampar og å spele litt sjølv. – Kven beundrar du?

– Beundrar alle dei som jobbar dugnad for at barn og undom skal få eit tilbod om fritidsaktivitetar. – Kva er det beste med heimstaden din?

– Grotlesanden, Vetvika, dei flotte fjelltoppane og fjorden som er full av krabbar. – Kva hadde stått på di framside av Fjordenes Tidende?

– Bremanger kommune har fått dei midlane dei treng til vegutbygging. – Kva ville du ha gjort om du var ordførar for ein dag?

– Hadde eg vore ordførar i Bergen for ein dag ville eg rydda opp i alt rotet dei held på med, sjølv om det eigentleg er for lite med ein dag. – Kva kulturoppleving hugsar du best?

– Tupelo-konserten i Vetvika 2014. – Kva har du på nattbordet?

– Der har eg mobilen. – Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag?

– Er innom ganske mange, likar å lese om sport, lokal- og verdsnyheiter. – Kva er meininga med livet?

– Å ha det fint og kose seg.