Namn: Marte-Iren Lade Alder: 43 år Sivilstand: gift Yrke: dagleg leiar på Fjordly ungdomssenter på Bryggja Bustad: Vågsvåg

– Kva er du mest oppteken av? – Eg er oppteken av familien min. Eg vil gjerne vere ei god mor og gje borna mine det beste, og eg vil vere ei god kone. Eg er oppteken av å bruke dei evnene Gud har gitt meg på beste måte, og vere til velsignelse for andre. Dette er noko av det viktigaste blant mykje viktig i livet.

– Kva gjer du på fritida? – Eg dirigerer Måløy Soul Children, går på fjellet, er på hytta, går på møter på Måløy bedehus, treff vener, speler brettspel med familien og les bøker. Blant mykje anna.

– Kven beundrar du? – Eg beundrar dei mange rundt om i verda som held fast på si kristne vedkjenning, sjølv om det kostar dei livet. Det vitnar om ei utruleg styrke og stort mot.

– Kva er det beste med heimstaden din? – Vågsvåg er ei nydeleg fin bygd med lett tilgjengelege fjell og sjøen like ved. Naturen er det beste. Det er mykje viktigare for meg med fin natur, fred og ro, enn mange tilbod som byar kan tilby.

– Kva hadde stått på di framside av Fjordenes Tidende? – Vågsøy på landstoppen i tv-aksjonen! Her gav dei mest per person!

– Kva ville du ha gjort om du var ordførar for ein dag? – Eg ville minna alle i kommunen på kor heldige vi er som bur her, i Vågsøy og i Norge.

– Kva kulturoppleving hugsar du best? – Hm. Eg trur det må vere Soul Children Festival 2016 i Oslo Spektrum, med to tusen Soul Children frå heile landet i eit gigantisk kor!

– Kva har du på nattbordet? – Bibel, dagbok, diverse bøker og notatblokk for ting eg kjem på etter eg har lagt meg.

– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag? – Facebook, nrk.no og yr.no.

– Kva er meininga med livet? – Å lære og kjenne Gud, som har skapt meg, og Jesus, som har frelst meg. Og leve i Guds gode og spennande plan for livet mitt.