Namn: Marianne Kristin Pleym RefvikAlder: cirka 30Sivilstand: gift med ein kjekk karYrke: postbod og barnehage-assistent Bustad: Raudeberg

– Kva er du mest oppteken av? – At folk og omgivnadane rundt meg skal ha det bra. Det er kjekkere å møte smilande og glade folk enn triste og sure folk. Samtidig som det er betre å komme til ein fin park enn ein park som er full av søppel.– Kva gjer du på fritida?– På fritida likar eg å vere i lag med familie, gå på fjelltur eller i fjæra sammen med ungane. – Kven beundrar du? Mamma.  Ho er eit fantastisk menneske som er flink til å sjå andre. Har alltid kloke ord, og dessverre ofte rett.

– Kva er det beste med heimstaden din? – At Raudeberg skule og Skarevik barnehage har eit fantastisk samarbeid. Det er trygt og godt for ungane. – Kva hadde stått på di framside av Fjordenes Tidende?– Skulestrukturen vi har i dag er verdifull og skal få vere slik.– Kva ville du ha gjort om du var ordførar for ein dag? – På ein dag får ein ikkje gjort så mykje, så kanskje eg hadde makulert alle papir som eg ikkje vil vi skal bruke.

– Kva kulturoppleving hugsar du best? – Eg huskar godt paraden som var på Måløydagene før, med mykje folk.  Det synest eg var kjempeartig. – Kva har du på nattbordet? – Ei lampe.– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag? – VG, Dagbladet, Fjt og Facebook.

– Kva er meininga med livet? – Godt spørsmål! Eg trur meininga er å lære mykje og sette pris på det fine vi har ilag. Set pris på dei du er glad i! Nyt og lev medan du kan!