Namn: Silje Rylandsholm

Alder: 34 år

Sivilstand: sambuar

Yrke: lærar

Bustad: Kjølsdalen

– Kva er du mest oppteken av?

– At andre rundt meg har det bra, og at dei ikkje vert urettferdig behandla

– Kva gjer du på fritida?

– I år er eg heime med babyen min, så då går det mykje i amming, bleieskift og trilleturar.  Skulle gjerne ha strikka litt meir.

– Kven beundrar du?

– Sambuaren min. Han stiller alltid opp. Har ofte tenkt at han skal få utfordringar framover med tre døtre.

– Kva er det beste med heimstaden din?

– Folka som bur her. Det er eit godt samhold, ein stiller opp for kvarandre og jobbar i lag for å for å få ting gjort.

– Kva hadde stått på di framside av Fjordenes Tidende?

– Kjølsdalen montesorribarnehage får ti nye barnehageplassar.

– Kva ville du ha gjort om du var ordførar for ein dag?

– Lagt til rette for tilflytting i ytre del av kommunen, som fleire barnehageplassar og byggeklare tomter.

– Kva kulturoppleving hugsar du best?

– Hugsar eg var på Kinnaspelet då eg var lita. Tok Opstad fra Berle til Kinn. Det regna mykje, og det var kaldt. Hugsar vel ikkje så mykje av sjølve spelet. Kunne tenkt meg å sjå det på nytt.

– Kva har du på nattbordet?

– Nattlampe og smokk til babyen.

– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag?

– Fjt, facebook, vg, ebay og nettavisen.

– Kva er meininga med livet?

– Å kunne leve saman med andre. Akseptere at vi er ulike og skape gode relasjonar. Ein må leve i nuet, og setje pris på det ein har.