Navn: Jannike Våge

Alder: 26

Sivilstand: singel

Yrke: 3D-designer

Bustad: Deknepollen

– Kva er du mest oppteken av?

– Er nok mest oppteken av familie, venner, jobb og hunden min Akita.

– Kva gjer du på fritida?

– Fritida brukar eg mykje på å vere sosial, fjellturar og nye opplevingar og dersom moglegheita byr seg.

– Kven beundrar du?

– Eg beundrar menneske med gjennomføringsevne, som tør å stå opp for det dei meiner, gå sine eigne vegar og følge eigne draumar.

–  Kva er det beste med heimstaden din?

– Det må vere den flotte naturen vi har her.

– Kva hadde stått på di framside av Fjordenes Tidende?

– Byggeprosjektet på sentrumstomta er i gang.

– Kva ville du ha gjort om du var ordførar for ein dag?

– Det kunne vore veldig interessant, men det er nok betre kandidatar til det enn meg.

– Kva kulturoppleving hugsar du best?

– Å sjå Cecilia Brækhus bokse live i Bergen står høgt på lista.

– Kva har du på nattbordet?

– Lys og mobiltelefon.

– Kva nettsider er du innom i løpet av ein dag?

– FJT, VG, DB, Facebook med meir.

– Kva er meininga med livet?

– Meininga med livet kan vere mykje. Å samle på opplevingar, og å prøve å passe på folk rundt enn har det bra og kjem til å ha det bra. Ein stor faktor er jo også å nyte livet så godt som mogleg, samtidig som vi kjenner på at vi skal ha det bra og.