Namn: Morten Ferstad
Alder: 32
Sivilstand: Tilgjengeleg
Yrke: Kontormedarbeidar hos Ferstad Installasjon
Bustad: Bremanger
– Kva er du mest oppteken av?
– Eg er veldig oppteken av lokalfotballen. Eg følgjer med på det meste som skjer, uansett nivå.
– Kva gjer du på fritida?
– Det går mykje tid på fotball då eg er ein av trenarane på seniorlaget til Bremanger IL. Utanom det går tida til venner, familie og trening.
– Kven beundrar du?
– Beundrar dei som har ein idé og får det til å bli ei lønnsam forretningsverksemd. Beundrar og stå-på viljen til dei som heile tida er aktive, uansett kva det måtte vere, sånn som min far. Må sjølvsagt og nemne ho mor, som alltid stiller opp, og alltid er i godt humør. Det er eigenskapar eg håper eg tar med meg vidare i livet.
– Kva er det beste med heimstaden din?
– Det er ei flott og trygg bygd å vekse opp i, alle kjenner alle og det er eit stort pluss! Vi har i tillegg flotte turistmål som Hornelen, Vetvika, Grotlesanden og Knutholmen i Kalvåg. Så er det berre kjekke folk som bur her.
– Kva hadde stått på di framside av Fjordenes Tidende?
– «Folketalet veks og bedrifter etablerer seg i Bremanger», «Leilegheitsbygg ferdig i Bremanger».
– Kva ville du ha gjort om du var ordførar for ein dag?
– På ein dag får ein ikkje gjort so mykje, so då hadde eg tatt meg ein kaffi med rådmannen og lagt ein plan for å få på plass kunstgras på Bremanger stadion, og gitt idrettslaget eit årsverk som skal brukast på aktivitet for ungar.
– Kva kulturoppleving hugsar du best?
– Vanskeleg å velje blant mange gode alternativ. Dei som stikk seg ut for meg er Malakoff, som alltid er kjekt. Der er det alltid god stemning og mykje kjentfolk! Tupelo-konserten i Vetvika i 2014 var ei spesiell oppleving, og Tunarock i fjøsen på Igland under Rockweekend er noko heilt spesielt.
– Kva har du på nattbordet?
– Ein lampe og mobilen.
– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag?
– FjT, Firdaposten, Facebook, NRK, VG, TV2.
– Kva er meininga med livet?
– Kva meininga med livet er kjem an på kva kultur og kva del av verda ein veks opp i. Her i Norge har vi det veldig fint, so her er formålet med livet å gjere ting ein blir glad av, både i arbeidslivet og privat. Så kjem ein langt med å behandle alle med respekt, uansett tru, kjønn og legning.