Namn: Øyvind Bjørlo

Alder: 27 år

Sivilstand: singel

Yrke: Eigar/drivar Bankkjellaren Bar & Gjestestove, faglært kokk, bachelor i hotelleiing

Bustad: Nordfjordeid

- Kva er du mest oppteken av?

- Å ha ein sunn livsstil som bidrar til god helse, med eit sunt kosthald og aktivitet. Eg er oppteken av å skape eit godt miljø rundt meg sjølv og for andre. Dette bidrar til ein betre livskvalitet og korleis ein har det i kvardagen

- Kva gjer du på fritida?

- Er aktiv i friluftsliv heile året, spelar handball og trenar aktivt, kvalitetstid med familie og vener, reising.

- Kven beundrar du?

- Eg ser opp til far min. Han står alltid på og hjelper til der det trengst, er aktiv i fleire aktivitetar og er ein bidragsytar til eit betre miljø på fleire plan. Sjølv om det er fullt opp med arbeid, så deltek han i dugnadsarbeid og frivillig arbeid, der han også har leiande roller. Stikkord: Arbeidsjern, mentor, kjernekar, godhjerta.

- Kva er det beste med heimstaden din?

- Det beste med heimstaden min må vere at det er ein fantastisk plass å sette sine røter, born som har oppveksten sin her set eit godt utgangspunkt for vegen vidare i livet. Det er òg ein flott plass å busette seg fast, med eit inkluderande samfunn der det blir fokusert på miljø og helse.

- Kva hadde stått på di framside av Fjordenes Tidende?

- ”Tilbod om høgare utdanning vert realisert på Nordfjordeid”

- Kva ville du gjort om du var ordførar for ein dag?

- Fått gjennom at det skal realiserast tilbod om høgare utdanning på universitets- og høgskulenivå. Dette bidrar til å få ei aldersgruppe til Nordfjordeid som manglar, det skapar også fleire arbeidsplassar og utvikling av og i samfunnet.

- Kva kulturoppleving hugsar du best?

- Eg hugsar godt at kommunen stelte i stand ein felles samling i sentrum under nyttårsaftan for ein del sidan, der dei lagde til eit fyrverkerishow. Kan hende det var feiring av år 2000. Eit godt tiltak som gjerne kunne vore arrangert fleire gongar.

- Kva har du på nattbordet?

- Nattbord er ein mangelvare på soverommet mitt, men eg har alltid mobilen tilgjengeleg for å ein alarm, og dersom nokon treng å kontakte meg. Lesestoff eller noko digitalt er ikkje mangelvare når Jon Blund skal komme på besøk.

- Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag?

- DN, VG, DB, IT-avisen, Nettavisen, Fjordabladet og FjT. Ein gong i blant går eg også innpå BA, og aviser som dekker Stavanger.

- Kva er meininga med livet?

- Det er vanskeleg å fastslå, men det ein kan gjere er å tilrettelegge notid og framtid, ein lære av si fortid. Kvar og ein har ulike perspektiv og standpunkt, for min del er det å leite etter kva som gjer meg lykkeleg og gjere det så godt som mogleg. ”Gjer aldri noko halvgjort”, sa far min ein gong, og den frasen prøver eg å leve etter.