Namn: Heidi Synnevåg

Alder: 56 år

Sivilstatus: gift med Nils Jørgen Sagebø

Yrke: fagleiar i tenestene for funksjonhemma

Bustad: Svelgen

- Kva er du mest oppteken av?

- Eg er svært opptatt av levekåra til menneske med utviklingshemming, eg er vernepleiar og jobba i mange år i denne tenesta. Eg er opptatt av det fordi dei treng fleire som kan snakke for dei og stå på barrikadane når det trengst.

- Kva gjer du på fritida?

- På fritida likar eg å vere i feriehuset vårt på Myklebust, fyre i omnen og lese bøker. Å vere saman med barn, svigerbarn og barnebarn.

- Kven beundrar du?

- Eg beundrar dei som dagleg står på og tek seg av dei svakaste i samfunnet. Dei som arbeider i barnevernet, på sjukeheimen og i tenestene for funksjonshemma. Dei fortener ros kvar einaste dag... og betre løn.

- Kva er det beste med heimstaden din?

- Det beste med Svelgen er at her bur ein masse fine og flinke folk. Her er mange tilbod og du treng ikkje kjede deg ein augneblink. Du kan sy, strikke og lage både det eine og andre med husflidlaget, du kan gå på Nina´s og ete burger, hotellet for ein betre middag, trene av deg alt feittet på masse ulike aktivitetar i idrettshallen, spele i korps, vere med i drillen, drikke kaffi og ete kake med pensjonistane på Keipenstova, ta ein tur på biblioteket hos Randi og låne dei nyaste bøkene, ta dei med deg og runde hjørnet og gå på kafeen og drikke kaffi og lese.

- Kva hadde stått på di framside av Fjordenes Tidende?

- På mi framside av Fjordenes Tidende ville det stått: Stortinget seier Nei til tvang mot Bremanger!

- Kva ville du gjort om du var ordførar for ein dag?

- Om eg var ordførar for ein dag, ville eg sendt heile kommunestyret på jobb i pleie og omsorg den dagen.

- Kva kulturoppleving hugsar du best?

- Det har vore mange, dette vart vanskeleg. Eg har hatt store musikalske opplevingar i Operaen, på Rockweekend, men må nok seie at Opeth på Malakoff i 2014 var fantastisk. Har hatt lyst til å gå på konsert med dei i over 20 år, og endeleg dukka dei opp i Eid, for eit hell.

- Kva har du på nattbordet?

- Der ligg det ein stor bunke bøker og lesebriller. No les eg Sapiens av Yuval Noah Harari.

- Kva nettstader er du innom i løpet av ein dag?

- Facebook, Nettavisen, Firdaposten og Klassekampen.

- Kva er meininga med livet?

- ”Ikkje ver eit eittal på jorda, bry deg om flokken din”, seier Per Fugelli. Det tenker eg må vere meininga med livet.