Namn: Erlend Halse Nystøyl

Alder: 20 år

Sivilstatus: singel

Yrke: linefiskar

Bustad: Åheim

– Kva er du mest oppteken av?

– Akkurat no er det at fiskeriet held seg oppe, på grunn av må tene pengar til å gå på skule.

– Kva gjer du på fritida?

– På fritida går det veldig mykje i bil og jakt, men er også tid til venner og familie.

– Kven beundrar du?

– Vanskeleg å seie kven eg ser mest opp til, men familien stiller høgt på grunn av at dei stiller opp for meg når eg treng det.

– Kva er det beste med heimstaden din?

– Det beste med Åheim må vere at det bur mykje kjekke folk der.

– Kva hadde stått på di framside av Fjordenes Tidende?

– Det måtte vere at Stad skipstunnel er ferdig.

– Kva ville du gjort om du var ordførar for ein dag?

– Vanskeleg å seie kva eg ville gjort om eg var ordførar for ein dag, sidan eg trur eg ikkje er brukande som politikar.

– Kva kulturoppleving hugsar du best?

– Romjulsdansen i Syvde i fjor.

– Kva har du på nattbordet?

– Akkurat no har eg ingenting på nattbordet, på grunn av alt slingra ned av nattbordet førre helg.

– Kva nettstader er du innom i løpet av ein dag?

– Facebook, Snapchat og VG.

– Kva er meininga med livet?

– Meininga med livet må vere å ha det bra.