Namn: Trine Kvalheim

Alder: 48

Sivilstatus: gift med Sturla og to barn på 16 og 19 år

Yrke: kommunikasjonsdirektør

Bustad: Ålesund

- Kva er du mest oppteken av?

- Familie og jobb opptek meg mest, men spør du familien min seier dei nok at det er altfor mange jobbtimar på meg i løpet av veka. Fagområdet mitt er eg også veldig oppteken av; kommunikasjon i alle formar – inkludert design og kunst!

- Kva gjer du på fritida?

- I helgane reiser vi til hytta på Strynefjellet i Skjåk kommune så ofte som vi kan. Hytta er frå 1860-talet og vu har nok å finne på der. Elles kosar eg meg med å planlegge langturar, og i sommar var heile familien i Australia og Indonesia. Reisebasillen fekk eg for alvor då eg var 20 år og Sturla 26, og vi drog på 9 månaders jordomreise der vi bl.a. haika gjennom Australia. Å reise slik er vanedannande, og vi har starta så smått å planlegge neste tur. Er også kunstinteressert, og prøvar å få sett ein del utstillingar. Har også fått moglegheita til å prøve meg på å hogge skulptur i marmor og det er noko eg kunne tenke meg å gjere meir av.

- Kven beundrar du?

- Snakkar vi om kjendisar så beundrar eg Meryl Streep som er ein dyktig skodespelar, og som har uttrykt sterke meiningar utanfor den raude løparen. Elles beundrar eg mammaen min som tok eit utradisjonelt val då ho tok kunstutdanning i vaksen alder, og som modig arbeider aleine i Italia delar av året for å lage skulpturar i marmor. Pappa, fordi han alltid stiller opp og er parat til å hjelpe til med snekring eller anna arbeid, og som i ein alder av 80 år dankar ut oss andre i arbeidsenergi. For å ikkje nemne mi svigermor som uansett geografisk avstand til barnebarna, sette deira behov først og reiste for å vere saman med dei og for å hjelpe oss.

- Kva er det beste med heimstaden din?

- Eg blir stolt når eg fortel om heimstaden min Måløy. Ikkje bare på grunn av fantastisk natur og gode barndomsminner, men også frå dei åra vi budde i Halneset og hadde ein aktiv og sosial småbarnsperiode med gode venner og familie rundt oss. Tenker også på dei kjekke ungdommane ved Måløy vgs som eg blei kjent med dei åra eg var lærar der.

- Kva hadde stått på di framside av Fjordenes Tidende?

- ”Gründerboom og befolkningsvekst”

- Kva ville du gjort om du var ordførar for ein dag?

- Nei, ordførarkjedet trur eg ikkje eg skal ta på meg. Det er ein balansekunst å vere i ein slik posisjon, og eg har budd for lenge borte til å foreslå nokon konkrete handlingar. Men uansett så trur eg at det er lurt for ein ordførar å samle og lytte til dei som er engasjert i utviklinga av kommunen, og som brenner for ulike saker. Får ein desse kreftene til å trekke saman og sjå felles moglegheiter vil det også vere med på å gjere kommunen meir attraktiv.

- Kva kulturoppleving hugsar du best?

- Det må vere førestillinga ”Wear it like a crown” med Sirkus Sirkör som eg såg i Stockholm for nokre år sidan. Bodskapen var at du skulle bere alle dine svakheiter og sorger med stoltheit, som ei krone. Det var ei sanseleg oppleving med musikk, akrobatikk, teater, grafiske effektar og dans. Det gjorde eit utruleg sterkt inntrykk. Hadde også ei god oppleving førre helg då vi besøkte dottera vår i Bergen, og såg ei utstilling med Chiharu Shiota. Den visast på KODE og var rett og slett imponerande.

- Kva har du på nattbordet?

- Der har eg både smykkeskrin, ein heimelaga gåve frå Linnéa frå nokre år bak i tid, fagbøker om prosessleiing og sosial kommunikasjon, ei ordbok i italiensk og ei interiørbok frå Home & Cottage. Det høyres ut som eit stort nattbord, men det er heller ganske overfylt.

- Kva nettstader er du innom i løpet av ein dag?

- I forbindelse med jobb så kikar eg innom nettsidene til dei største avisene i fylket og NRK Møre og Romsdal fleire gongar om dagen.  I tillegg er eg fast innom Facebook, både jobb og privat. Yr.no er ein fast følgevenn og når helga melder seg sjekkar eg diverse webkamera over Strynefjellet. Når eg tenker meg om så bruker eg eigentleg ikkje så mange nettsider lenger, det går nok mest i appar  og sosiale medium.

- Kva er meininga med livet?

- Ojsann, dette er eit stort spørsmål. For å gjere det litt kort og enkelt. For nokre år sidan meiner eg Den norske turistforening hadde slagordet ”Veien er målet”. Det beskriver godt korleis eg ønskjer at livet mitt skal vere, at det er sjølve turen og opplevingane saman med turfølget undervegs som betyr noko.