Namn: Øystein Kolseth

Alder: 50

Sivilstand: gift, 4 born

Yrke: anleggsarbeidar

Bustad: Rugsund

– Kva er du mest oppteken av?

Eg er oppteken av at familien vår har det bra. Etter alt vi har opplevd dei siste åra, treng familien å ha det så godt dei kan.

– Kva gjer du på fritida?

Når ein har hus og heim, blir det nok å finne på på fritida. Prøver å få tid til trening, jakt og fjellturar.

– Kven beundrar du?

Eg beundrar kona mi Audhild, og gutane mine, Sindre og Sivert for at dei klare og halde hovudet over vatnet, og greier å prestere det dei gjere.

– Kva er det beste med heimstaden din?

Naturen. Stille og roleg.

– Kva hadde stått på di framside av Fjordenes Tidende?

Veg frå Florø, via Terøya til Måløy, oppstart januar 2018.

– Kva ville du gjort om du var ordførar for ein dag?

Styrka eldreomsorgen. Dei gjere ein fantastisk jobb, og treng kvar ei hand dei kan få.

– Kva kulturoppleving hugsar du best?

Bruce Springsteen-konsert i Bergen, og AC/DC-konsert på Valle Hovin.

– Kva har du på nattbordet?

Brillene mine og telefon.

– Kva nettstader er du innom i løpet av ein dag?

VG, Fjordenes Tidende, Firdaposten, Facebook

– Kva er meininga med livet?

Det har eg òg lurt på.