Namn: Liv Stokkenes Jacobsen

Alder: 69 år

Yrke: pensjonist frå november

Bustad: Nordfjordeid

- Kva er du mest oppteken av?

- Eg er oppteken av så mange ting. Men mest av alt betyr det at familien min har det godt.

- Kva gjer du på fritida?

- Eg har aldri hatt mykje fritid. Har vore og er engasjert i diverse verv. Er leiar for Nordfjordeid Sanitetsforening, er med i Embla – kvinneskipet ro for fred. Når eg har fri likar eg å reise, både her i nærområdet og utanlands. Hellas er favoritten.

- Kven beundrar du?

- Eg beundrar Fredrikke Marie Qvam. Fødd 1843, død 1938. Ho var ei norsk kvinnesaksforkjempar, og humanitær leiar. Ho var ein pioner i kampen for kvinneleg stemmerett. Ho grunnla Norske Kvinners Sanitetsforening i 1896.

- Kva er det beste med heimstaden din?

- Det beste med heimstaden min er at her er det eg treng for å ha eit godt liv. Eg har hus og hage, her er fine turområde, eit rikt kulturliv. Godt utval av butikkar. Og så bur familien min her!

- Kva hadde stått på di framside av Fjordenes Tidende?

- Der ville stått: Kommunane i Nordfjord har slått seg saman til ei storkommune!

- Kva ville du gjort om du var ordførar for ein dag?

- Som ordførar for ein dag så ville eg styrka eldreomsorga med fleire sjukepleiarar og helsefagarbeidarar.

- Kva kulturoppleving hugsar du best?

- Eg trur det aller beste eg har opplevd av kulturopplevingar er opninga av Operahust på Nordfjordeid. Det var 25. april i 2009. Vi var så mange som hadde jobba så hardt, både for samlokalisering av vidaregåande skule og å få eit kulturhus. Det var ein lukkedag!

- Kva har du på nattbordet?

- På nattbordet har eg berre mobiltelefonen min.

- Kva nettstader er du innom i løpet av ein dag?

- Brukar mange nettstader. Aviser, Facebook, Google etc.

- Kva er meininga med livet?

- Meininga med livet har mange prøvd å besvare: Kanskje er det slik at vi berre er?