Namn: Preben Hagen Torvanger

Alder: 28

Sivilstand: gift, 1 born

Yrke: lærar på Blindheim Ungdomsskule

Bustad: Ålesund (er frå Vågsøy)

– Kva er du mest oppteken av?

– Eg er oppteken av at alle rundt meg skal ha det bra. Familie, vener, kollegaer og elevar. Som lærar møte ein veldig mange ulike skjebnar, og det er ein realitet at ikkje alle har det like godt. Vi lærarar kan utgjere ein stor forskjell for mange, det er viktig å tenkje over dette når ein går på jobb!

– Kva gjer du på fritida?

– Når eg ikkje er på jobb så er eg stort sett heime med kona og dottera mi. Vi blei nettopp foreldre for første gong og det er ein ubeskriveleg følelse! Elles lika eg å halde meg i grei fysisk form.

– Kven beundrar du?

– Det er definitivt kona mi. Ho ser alle, er omsorgsfull og full i kjærleik. I tillegg er ho ei sterk dame som taklar veldig mykje på imponerande vis. Som nybakt mor er ho og fantastisk!

– Kva er det beste med heimstaden din?

– Den fantastiske naturen! Det er flott på Sunnmøre, men ingenting slår det å komme heim til Vågsøy og Bremanger.

– Kva hadde stått på di framside av Fjordenes Tidende?

– Skavøypoll IL opp i tredje divisjon!

– Kva ville du ha gjort om du var ordførar for ein dag?

– Då hadde eg sørgja for at Måløy VGS fekk tilbake tilbodet om allmennfagleg påbygg. Det er viktig å ha eit godt tilbod til elevane som går yrkesfaglege linjer som og vil ha studiekompetanse. Det er mange som blir tvungen til å pendle eller flytte vekk når dei i grunn ikkje vil det. Hald ungdommen heime lengst mogleg.

– Kva kulturoppleving hugsar du best?

– Det må vere ein konsert eg var på i Ulsteinvik for nokre år sidan, Thomas Dybdahl. Ein vanvittig bra konsert av ein utruleg dyktig musikar.

– Kva har du på nattbordet?

– Vi har faktisk ikkje nattbord, men i vindaugskarmen ligg boka ”Politi” av Jo Nesbø. Det er ei stund sidan eg sist las i den, men eg håpar og trur at eg snart skal få fortsette i den. Nesbø sine bøke om Harry Hole er veldig gode!

– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag?

– Eg har nokre side som eg er fast innom kvar dag. Facebook, Liverpool.no, Twitter, VG.no og Fjt.no. Litt blanda drops med andre ord.

– Kva er meininga med livet?

–  Å bruke tid på dei som betyr noko for deg. Bruk tid på dei som sett av tid til deg! For meg er familie og vener utruleg viktig. Å få oppleve å bli far for første gong er aleine noko som gjer livet verdt å leve.