Namn: Susanne Nygård

Alder: 29

Sivilstatus: sambuar

Yrke: produksjonsmedarbeider

Bustad: Flatraket

– Kva er du mest oppteken av?

– Ungane, familien og venner.

– Kva gjer du på fritida?

– Går tur, bakar og er med venner og barna mine.

– Kven beundrar du?

– Pappa. Han kan det meste og stiller alltid opp!

– Kva er det beste med heimstaden din?

– Det er den finaste plassen, med både skule, barnehage og butikk. Det er fin natur og mykje kjekke folk.

– Kva hadde stått på di framside av Fjordenes Tidende?

– Meir midlar til sjukehus, sjukeheimar, skular og barnehagar!

– Kva ville du gjort om du var ordførar for ein dag?

– Prøvd å fått til fleire arbeidsplassar.

– Kva kulturoppleving hugsar du best?

– Norsk countrytreff på Breim. Alltid god musikk og god stemning.

– Kva har du på nattbordet?

– Mobil, lampe og fuktighetskrem.

– Kva nettstader er du innom i løpet av ein dag?

– Facebook, Snapchat og Instagram.

– Kva er meininga med livet?

– Ungane mine!