Namn: Marthe Hamre Owesen

Alder: 26 år

Sivilstatus: singel

Yrke: forsikringsrådgjevar

Bustad: Trondheim

– Kva er du mest oppteken av?

– Eg synest det er viktig å vere fordomsfri og ta vare på dei som ikkje har det så godt. Spesielt flyktningar, og dei som har vekse opp i fattigdom her i landet.

– Kva gjer du på fritida?

– På fritida er eg mest med venner. I tillegg likar eg å bruke tida på å lese, teikna og måle, samt mikse litt musikk.

– Kven beundrar du?

– Eg beundrar kongen vår! Han verkar så audmjuk, humoristisk og omsorgsfull. Rett og slett heilt konge.

– Kva er det beste med heimstaden din?

– Det er utan tvil samhaldet mellom oss om har vekse opp her i Selje. Og naturen, så klart.

– Kva hadde stått på di framside av Fjordenes Tidende?

– Metallica til Malakoff!

– Kva ville du gjort om du var ordførar for ein dag?

– Då ville eg ordna gratis surfekurs til alle i kommunen.

– Kva kulturoppleving hugsar du best?

– Det er mange. James Blake i Operahuset i Sydney var fantastisk. Metallica på Koengen i 2008 og sjølvsagt Karpe Diem på Malakoff 2017!

– Kva har du på nattbordet?

– Mobil, ei bok og snus.

– Kva nettstader er du innom i løpet av ein dag?

– NRK, fjt.no, adressa.no, 9gag.com og Facebook, sjølvsagt.

– Kva er meininga med livet?

– Det er vanskeleg å seie, men eg er veldig oppteken av at livet skal vere kjekt.