Namn: Göran Vika-Svärd

Alder: 41

Sivilstatus: gift

Yrke: arbeidsledig

Bustad: Nygård

– Kva er du mest oppteken av?

– Familie og venner. Utan dei så hadde det blitt grådig kjedeleg.

– Kva gjer du på fritida?

– Trener.

– Kven beundrar du?

– Dottera mi. Ho er den tøffaste eg veit om.

– Kva er det beste med heimstaden din?

– Den flotte naturen, familien og vennane.

– Kva hadde stått på di framside av Fjordenes Tidende?

– SIL Fotball rykker opp i 1. divisjon!

– Kva ville du gjort om du var ordførar for ein dag?

– Det så fantastisk usannsynleg at det har eg faktisk aldri tenkt på, men sikkert delegert ut masse arbeidsoppgåver så eg hadde sloppe å jobbe så mykje sjølv.

– Kva kulturoppleving hugsar du best?

– Heilt klart Tall Ships Races.

– Kva har du på nattbordet?

– Eg har ikkje nattbord, men ein IKEA-krakk ved sidan av senga, og der har ei lampe (utan pære), ein hårstrikk, ei kvittering frå oktober 2017 og litt støv.

– Kva nettstader er du innom i løpet av ein dag?

– Insta, FB, Aftonbladet og VG.

– Kva er meininga med livet?

– Å få leve det fullt ut!