Namn: Joachim Stene Seljen

Alder: 34 år

Sivilstatus: gift med Annette

Yrke: arbeider for DVI Marine

Bustad: Nedre Tennebø i Deknepollen

– Kva er du mest oppteken av?

– Eg er mest oppteken av barn og unge! At alle barn har gode oppvekstvilkår, har eit godt psykososialt miljø både på skule og på fritidsaktivitetar! Eg synest det er viktig med skule og fritid som gir barn og unge meistring og trivsel. Å ikkje minst at det er eit velfungerande system innanfor både skule og barnevern når barn og unge ikkje har det bra.

– Kva gjer du på fritida?

– Fritida mi går nok mest til familie og barn, men prøver å få til litt bogeskyting med Ytre Nordfjord bueskyttere. Det er ein utfordrande, kjekk og sosial sport som eg på det varmaste kan anbefale for alle i alle aldrar!

– Kven beundrar du?

– Eg beundrar kona mi! Ho er limet i familien og har oversikt over det meste og gjer at kvardagen går på skinner. Og det er ikkje alltid lett med ein distré mann som meg, for å seie det sånn. Eg tenker som oftast at ting går over av seg sjølv og at ting ordnar seg. Eg må også få seie at eg beundrar og ser opp til Geir Arne Solheim! Ein meir positiv mann skal ein leite lenge etter! Han har eit unikt engasjement for lokalmiljøet og for alt og alle han har rundt seg. Den mannen får verkeleg til det han bestemmer seg for.

– Kva er det beste med heimstaden din?

– Eg har vakse opp på Stårheim, men har alltid følt at Selje og Selja har vore min heim og hatt ein spesiell plass i hjertet mitt. Foreldra mine bur no fast på Selja og ingenting slår den følelsen av å kome heim til øyas paradis! Både utsikta, turar til klosteret, sjøliv og naturopplevingar i all slags vêr og alle årstider.

– Kva hadde stått på di framside av Fjordenes Tidende?

– Vi bur i ei flott kommune med mange tilbod til barn og unge. Vi har ein flott fleirbrukshall, turn, fotball, handball, speidar, skulemusikk og kulturskule for å nemne noko. Men det hadde vore stas om framsida viste ei stor overskrift kor det stod at Vågsøy kommune endeleg får fritidsbadeanlegg.

– Kva ville du gjort om du var ordførar for ein dag?

– Då ville eg gått rundt med det fine ordførarsmykket heile dagen og berre snakka med bygdafolk, så enkel sjel er eg! Eg trur det hadde vore tryggast for kommunen at eg ikkje gjorde meir enn det, for å seie det sånn. Det er ein vel ein viss fare for at alle kommunen sine pengar hadde gått til skule, fritid, kultur og barnevern om eg hadde vore ordførar for ein dag.

– Kva kulturoppleving hugsar du best?

Eg har i ei årrekke jobba som miljøarbeidar for Klokkergård Stiftelsen. Der har eg vore så heldig å få møte barn og unge frå fleire typar kulturar, land og bakgrunnar. I tillegg har eg vore så heldig å få vere flyktningfadder for ein ung mann frå Syria. Å få bli kjend med deira kultur, bakgrunn og få undre meg over livet ilag med dei har vore nokre av dei største kulturopplevingane for meg! Dei erfaringane eg tar med meg frå arbeidet med desse unge menneska slår ein kvar festival eller museumsoppleving.

– Kva har du på nattbordet?

– Som diabetikar ligg det alltid noko søtt godteri eller eit glas jus att med senga, i tillegg til kona. «Kåna» mi er lita altså, men eg legg ho ikkje i nattbordskuffa.

– Kva nettstader er du innom i løpet av ein dag?

– Eg må innrømme at det går mest i nyhende på VG og NRK Sogn og Fjordane, i tillegg til ei lita runde på finn.no.

– Kva er meininga med livet?

– Då må eg nok seie å vere ilag med dei ein er glad i. No er eg så heldig at eg i løpet av dei næraste vekene skal bli pappa. Å sjå barn vekse opp og ha det bra må vere noko av det største i livet.