Namn: Sindre Storøy KolsethAlder: 19 årSivilstatus: singelYrke: matroslærlingBustad: byggjefeltet på Kolset

– Kva er du mest oppteken av?

–  Folk rundt meg, spesielt familien. Fordi det er dei som gjer livet verdt å leve.

–  Kva gjer du på fritida?

–  Jobbar litt, og er med familie og venner.

–  Kven beundrar du?

–  Familien min.

–  Kva er det beste med heimstaden din?

–  Det beste med å bu i Rugsund er at det alltid er stille og fredeleg, og at ein stort sett kan ta seg til med det ein vil.

–  Kva hadde stått på di framside av Fjordenes Tidende?

–  Veit ikkje?

– Kva ville du gjort om du var ordførar for ein dag?

–  Åh! Det er masse eg ville gjort, men kunne eigentleg ikkje tenkt meg å vere ordførar for ein dag.

–  Kva kulturoppleving hugsar du best?

–  Malakoff 2016.

–  Kva har du på nattbordet?

Har ikkje nattbord.

–  Kva nettstader er du innom i løpet av ein dag?

–  Facebook, Tv2.no, og litt anna forskjellig.

–  Kva er meininga med livet?

–  Eg er eigentleg ikkje heilt sikker?