Namn: Ragnhild Martine Gillesdal

Alder: 33

Sivilstatus: har kjærast

Yrke: sjukepleiar med spesialisering i psykisk helse

Bustad: for augneblinken i toppetasjen hos mine kjære foreldre på Haus

– Kva er du mest oppteken av?

– Noko som eg er veldig oppteken av er kva effekt fysisk aktivitet faktisk har på både den fysiske og psykiske helsa. Fysisk aktivitet betrar livskvaliteten ved at det gir overskot i kvardagen og har ei rekkje positive effektar på kropp og sinn. På sikt styrkar det også immunsystemet. Eg har sjølv erfart gjentekne gongar at når eg er fysisk aktiv har eg meir overskot, er lettare til sinns og føler meg meir positiv og gladare enn når eg har periodar der eg er lite fysisk aktiv. Hos barn og unge er det vist at fysisk aktivitet har ein positiv effekt på læring og konsentrasjon. Det er sikkert mange som har erfart at ein beinstrekk eller ein luftetur kan hjelpe på konsentrasjonen?

– Kva gjer du på fritida?

– På det spørsmålet kunne eg ha skrive mykje. Eg har ein lukrativ turnus med mykje fritid til å drive på med det eg synest er kjekt. Toppturar sommar som vinter er noko som står høgt på mi prioriteringsliste. Det siste året er det spesielt interessa for topptur på randonee som har hatt størst fokus. Å gå opp på ein fjelltopp ein vintersdag, for så å leike seg på ski nedover fjellsida etterpå, det er heilt magisk. Eg må òg nemne hunden min Oskar, ein Rhodesian Ridgeback på 1,5 år som er med meg overalt.

– Kven beundrar du?

– Eg beundrar mine kjære foreldre som har oppfostra seks aktive ungar, som har køyrt oss hit og dit til alle døgnets tider for at vi skulle få vere med på dei fritidsaktivitetane som vi har ønskt å vere med på, som alltid har sett seg sjølv i andre rekke for at vi skal få det vi har trengt. Som frå vi lærte oss å gå har tolmodig teke oss med på fjellet og på langrenn og latt oss gå sjølve. I staden for dyre ferieturar har dei prioritert å ta med oss ungane på friluftsopplevingar året rundt, og lært oss gleda av å kunne bruke naturen.

– Kva er det beste med heimstaden din?

– Eg er utruleg glad i Nordfjord, både ytre, midtre og indre. Eg har kanskje litt over gjennomsnittet stor interesse for friluftsliv, og Nordfjord har verkeleg noko for alle når det kjem til friluftsliv. Vi har havet rett ved, flotte strender, fjell i alle storleikar og ein nydeleg langstrakt fjord. Det er sjølvsagt også eit stort pluss å ha næraste familie i nærleiken.

– Kva hadde stått på di framside av Fjordenes Tidende?

– Då er det endeleg vedteke at alle Nordfjord-kommunane er slått saman til ei felles kommune – Nordfjord.

– Kva ville du gjort om du var ordførar for ein dag?

– Dersom eg var ordførar for ein dag, hadde eg tatt med meg kommunestyret opp på Hornelen. Det er eitt av mine favorittfjell, og eg meiner at alle som bur i distriktet burde hatt seg minst ein tur opp dit, slik at ein verkeleg får sett kor flott vi har det rundt oss.

– Kva kulturoppleving hugsar du best?

– Det fyrste som kom opp når eg las kulturoppleving er Malakoff Rockfestival. Eg har berre positive opplevingar frå dei gongane eg har vore der. Stemninga er alltid på topp både hos dei besøkande og dei som arrangerer. Det anbefalast verkeleg å ta turen dit.

– Kva har du på nattbordet?

– Utanom nattbordslampe, mobil og mobilladar, har eg ståande eit glas vatn, d-vitaminar, c-vitaminar, omega 3-kapslar og halsdrops.

– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag?

– Facebook, Finn, Netflix, Yr og Google.

– Kva er meininga med livet?

– Meininga med livet er å prøve å ha det så bra som ein kan ha det. Prøv å fokuser på alle dei små lyspunkta i livet, og vips så blir alt så mykje betre. Livet er kort, hugs å leve i nuet.