Namn: Ophelie Weemol

Alder: 19

Sivilstatus: singel

Bustad: Vågsvåg

– Kva er du mest oppteken av?

– Eg er oppteken av at dei rundt med skal ha det bra. Eg synest det er viktig å hjelpe dei eg kan og brukar derfor ein del tid på dette. Blant anna jobbar eg på Kulatoppen og er medlem i Røde Kors. På denne måten får eg bruke tida mi på det eg er mest oppteken av.

– Kva gjer du på fritida?

– Fritida mi brukar eg mest på venner og familie. Eg er som nemnd med i Røde Kors og tilbringer dermed tid der. Elles trenar eg og jobbar med skulearbeid.

– Kven beundrar du?

– Eg beundrar bestemora mi. Ho er ei sterk dame som eg alltid har sett opp til. Bestemor har vore gjennom mykje i livet, både godt og vondt, men ho har framleis alltid eit smil om munnen.

– Kva er det beste med heimstaden din?

– Det beste med heimstaden min må vere naturen. Vi har så mykje fint rundt oss! I tillegg må eg nok seie folka som bur her.

– Kva hadde stått på di framside av Fjordenes Tidende?

– «Ingen nedlegging av skular», det er fordi det finst mange andre måtar å spare pengar på.

– Kva ville du gjort om du var ordførar for ein dag?

– Eg ville halde det eg har lovt til folket. I tillegg ville eg gått rundt med ordførarsmykket, og så ville eg halde ein vits framfor heile Måløy.

– Kva kulturoppleving hugsar du best?

– Det eg hugsar best er UKM. Dette var ein del av barndommen min og eg hugsar at eg tykte det var veldig spennande, ein grua seg samtidig som ein gledde seg.

– Kva har du på nattbordet?

– På nattbordet mitt så har eg eit glas vatn, lypsyl, nattlampe og mobil.

– Kva nettstader er du innom i løpet av ein dag?

– Facebook, forskjellige bloggar, NRK Sogn og Fjordane og sist, men ikkje minst VG.

– Kva er meininga med livet?

– Mitt syn på livet er at ein skal få seg ei utdanning og forme seg eit liv gjer ein

lykkeleg.